Arkeologien og kulturlandskapet fortel - om dalen sin historie og sjel!
sep.
4.
12:00 p.m.12:00

Arkeologien og kulturlandskapet fortel - om dalen sin historie og sjel!

Foto: Nærøyfjorden Verdsarvpark - Tufter etter gamal busetnad på Eråksgrandane

Markering av Dei norske kulturminnedagane 2022 med føredrag og guida vandringar på Borlaug, Lærdal kommune.

PROGRAM

1200-1330 Føredrag på Borlo Bygdetun:

- «Den grøderike dalen som grunnlag for busetting og kulturminne»

v/ landbrukssjef Magnhild Aspevik

- «Arkeologi fra grøftekanten. Resultater efter tyve års udgravninger langs E16 i Lærdal»

v/ arkeolog Søren Dinhoff

1330-1530 Vandring på Eråksgrandane – eit kulturlandskap med lang tidsdjupne.

Med Aspevik, Dinhoff og Dagfinn Hegg-Lunde (eigar Borlo Bygdetun)

1530-1600 Servering av lappar, kaffi/te og saft på Borlo Bygdetun

1600-1700 Omvisning på Borlo Bygdetun

PRIS: kr. 150,- (vaksne), kr. 50,- (born/ungdom)

PÅMELDINGSFRIST: 01. september (NB: Begrensa tal plassar!)

Kontaktperson:

Gry Mørk - tlf. 95141438, e-post: gry@naroyfjorden.no

Arrangementet er eit samarbeid mellom:

Nærøyfjorden Verdsarvpark

Borlo Bygdetun

Lærdal kommune Fortidsminneforeningen Sogn lokallag

Vis arrangement →
Historisk vandring i Voss Herad
mai
22.
11:00 a.m.11:00

Historisk vandring i Voss Herad

Giljarhusbrui (Foto:Anne Arnehus)

KONGEVEGEN HAUGSVIK - STALHEIM

Velkomen med på guida tur på Kongevegen mellom Haugsvik og Stalheim - eit landskap med lang tidsdjupne. Kongevegen her slynger seg fint gjennom aktivt jordbrukslandskap, og der gamle kulturskattar kjem som perler på ei snor. Her kan du få sjå og høyra om tingstova på Hauge og andre verneverdige bygningar, gravhaugar og gravminne, offersteinar, arkeologiske funn, steinmuringskunst som Giljarhusbrui og andre murar.

Turløype:

Haugsvik – Rygg – Hauge – Giljarhus – Lunde – Tveite – Sleen – Brattland - Stalheim Hotel

 

Turen er 5 km lang og går i lett, småkupert terreng.

 

PRAKTISK INFO:

Oppmøte                   Kl. 10.45 v/ Ungdomshuset i Haugsvik

Parkering / busstopp Ungdomshuset i Haugsvik

Buss                            Frå Voss stasjon à Haugsvik: kl. 10.10

Frå Stalheim kryssà Haugsvik à Voss: kl. 15.00

Ta med                       Mat og drikke, sitjeunderlag

Turen er gratis!

NB: Begrensa tal plassar!

Påmelding innan 19. mai til Nærøyfjorden Verdsarvpark

tlf.: 95 14 14 38

e-post: gry@naroyfjorden.no

 

 

Arrangørar

Nærøyfjorden Verdsarvpark

Voss herad

Vis arrangement →
Økoveka Aurland 2021
sep.
25.
til 2. okt.

Økoveka Aurland 2021

  • Google Calendar ICS

ØKOVEKA 2021 i Aurland vert arrangert for andre gong. Opninga av ØKOVEKA AURLAND er laurdag 25.september med open økologisk gard. I veke 39 har vi fleire ulike arrangement som alle som ynskjer kan delta på.

Kvart år, i veke 39, feirar vi økologisk mat og landbruk over heile landet. ØKOVEKA er ei feiring av norsk økologisk mat som formidlar både råvarer, kunnskap og inspirasjon. Veka viser mangfaldet av landbruk- og matproduksjon i Noreg og knyter det til folk sin kvardag. I løpet av ei veke samlast folk til kurs, seminar og andre arrangement både av teoretisk og praktisk natur. Ein kan bli med på gardsmarked, få smaksopplevingar i ulike former og mykje meir. Denne veka kan du lære om -, bli inspirert og praktisere økologi. 

Vis arrangement →
Seminar om trevirkekvalitet
sep.
4.
11:00 a.m.11:00

Seminar om trevirkekvalitet

Bli med på ein spennande fagdag om trevirket sin kvalitet!

Erlend Gjelsvik, Marco Neven og Glenn Terje Løken vil dele kunnskapen sin - og me ser fram til ein flott dag i Vik.

Arrangementet er ei markering av Dei norske kulturminnedagane 2021

Praktisk informasjon:

Tid: kl 11.00-18.00

Stad: Vikjahalli, Vik i Sogn

Pris: kr 900,-

Påmelding: innan 26.aug kl 22.00 til:

Gry Mørk t: 95 14 14 38 e: gry@naroyfjorden.no

Vis arrangement →
Familiedag i Aurlandsdalen
aug.
28.
1:00 p.m.13:00

Familiedag i Aurlandsdalen

Me skal ta oss ein kosetur til Frivodl/Vetlehagen i Aurlandsdalen og forske på korleis driftekarane sine liv var. Kva veit me om desse som tok med seg dyr over fjellet? Dette vert lett tur frå Kiosken i Vassbygdi til Frivodl, med forteljingar, mat smak, leik og kos for alle aldersgrupper.

PRAKTISK INFORMASJON:

FORTERLJAR: Laila Kvellestad

OPPMØTE: Kiosken i Vassbygdi

TUREN: Lett terreng på god sti

KL: 13 til ca 16.00

TA MED: Sitjeunderlag og klede etter vær

HJELPARAR: Aurland Sogelag

Påmelding og spørsmål: Snædis Laufey Bjarnadottir;

t: + 94 26 93 38

e: snaedis@naroyfjorden.no

Innan: 25.august kl 20.00

Vis arrangement →
BOTANISK FOSSEVANDRING  OG HOTELLHAGE-HISTORIE
juni
19.
12:00 p.m.12:00

BOTANISK FOSSEVANDRING OG HOTELLHAGE-HISTORIE

Foto: Bjørn Moe

Unik, guida tur i Stalheimsgjelet og hagen til Stalheim Hotel, Voss herad.

Enkel servering på hotellet.

Laurdag 19. juni 2021 Kl. 12.00 – 16.00

Formidlarar

Bjørn Moe, botanikar/ UiB

Ingrid Tønneberg, hotelldirektør

Trygve Dugstad, hotellsjef

Pris

Vaksne kr. 200,-

Born u/ 16 år kr. 50,-

Påmelding innan 17. juni!

For info og påmelding, kontakt: Gry Mørk – tlf. 95 14 14 38/ e: gry@naroyfjorden.no

Vis arrangement →
Fjorden sin dag og Kystled-jubileum
juni
12.
11:00 a.m.11:00

Fjorden sin dag og Kystled-jubileum

Me feirar Fjorden sin dag og Kystled Nærøyfjord sitt 15-års jubileum i eit felles arrangement for både vaksne og born, i hjartet av verdsarven! Møt opp på Borgastondi på Bakka laurdag 12.juni kl 1100 og bli med på ein dag fylt med opplevingar. Her blir det høve til å ta del i ulike aktivitetar på fjorden og på land. Arrangementet er gratis.

Påmelding til:

Gry Mørk epost: gry@naroyfjorden.no tlf: 95141438

Barnas Turlag v/Janicke Hoel: 90691950

Vis arrangement →
Solenergi på garden din?
mai
27.
10:00 a.m.10:00

Solenergi på garden din?

Foto: Per Langeland Tistel

Vil du finne ut meir om moglegheitene for solcelleanlegg på garden din? Statsforvaltaren i Vestland, Innovasjon Norge, Vestland Bondelag og Norges Vel inviterer til fagleg påfyll.

Webinaret gjev ei kort innføring i tekniske løysingar, vurderingar rundt investering, økonomi mm. Vi vil også vise ein liten film om ei vellukka løysing hjå ein lokal gardbrukar som har investert i solcelleanlegg.  

Innovasjon Norge vil informere om sine støtteordningar til solcelleanlegg. Individuell oppfølging og rådgjeving på gardsnivå vil vere mogleg i etterkant av fagseminaret.  

Her er link til meir informasjon om webinaret, og korleis du melder deg på:

https://www.statsforvalteren.no/nn/vestland/kurs-og-konferansar/2021/05/fagwebinar-om-solenergi-pa-garden/?utm_source=nyhetsbrev&utm_medium=epost

Vis arrangement →
Invitasjon demodag krattknusing i Lærdal
des.
11.
10:00 a.m.10:00

Invitasjon demodag krattknusing i Lærdal

Me i Veda AS ønskjer å invitere til demonstrasjon vår MBD LV 800 i Lærdal fredag 11 desember kl. 10 og kl. 13.

I samarbeid med lokallaget i Bondelaget har me sett opp 2 adresser og tidspunkt for demonstrasjon.

 

Adresser er:

  • Kl. 10.00: Lærdalsvegen nr. 548 på Nedre Eri mot elva (sjekk vedlegg)

  • Kl 13.00 Steinklepp ved Hovland (sjå vedlegg)

 

Me ser fram til å vise fram krattknusar til landbruk og næringsliv i Lærdal og omegn.

Ta gjerne kontakt i forkant (ringstind@outlook.com // 97565484) om de ønskjer befaring av areal denne fredagen etter demonstrasjon eller på ei seinare tidspunkt.

Maskina vert ståande i Lærdal veka etter klar for oppdrag.

Info om arrangementet finn de og på Facebook: https://www.facebook.com/Veda-116998246840989

 

Video lenker av maskin:

https://www.youtube.com/watch?v=xoVAAGUrRDY&t=5s

https://www.youtube.com/watch?v=lcZutJt2q6o

https://www.youtube.com/watch?v=bfMbGrBSJSA

 

Litt om maskina (LV 800):

  • beltedreven og radiostyrt med fjernkontroll med rekkevidde på 150m

  • 75 HK og 300nm, 1700kg og 500kg krattknusar og 250 kg beitepusser.

  • kan rydde opp mot 60 gr helling og tek tretjukkelse opp i 15-20cm og lagar flis av dette.

  • 150cm bredde på redskap.

  • reidskap som kan supplerast er snøfres, jordfres, stubbefres, fliskuttar mm.

  • maskina jobbar med god avstand frå personell og gjer HMS arbeidet sikkrare med fjernkontroll.

 

Velkommen til demo dag!

 Kontaktperson:

Øystein Veum

Veda AS

97565484

ringstind@outlook.com

Vis arrangement →
Kurs: Oppfrisking av førstehjelp i villmarka!
apr.
27.
til 29. apr.

Kurs: Oppfrisking av førstehjelp i villmarka!

  • Google Calendar ICS

Hald kunnskapen ved like! Dette kurset gjev deg høve til å få friske oppatt kunnskapen din om førstehjelp i villmarka. Kurset er for alle som har WFR kurs på minst 70 timar frå før.

For registrering og informasjon, kontakt:

info@crossinglatitudes.com

telefon: +46-70-670 1153

Arangør er NJORD Seakayak Norway og Crossing Latitudes

Vis arrangement →
Kurs: Førstehjelp i villmarka - 80 timar
apr.
15.
til 25. apr.

Kurs: Førstehjelp i villmarka - 80 timar

  • Google Calendar ICS

Dette kurset passar for deg som likar å vere ute i naturen. Om du vandrar i fjellet eller padlar på fjorden, om du er guide eller berre elskar å vere ute i villmarka, kan uhellet vere ute. Kurset gjev deg kunnskap til å kunne hjelpe både deg sjølv og andre dersom uhellet skjer langt frå folk og legehjelp.

Dette kurset er på 80 timar og gjev deg kunnskapen du treng for å kunne hjelpe i kritistiske situasjonar.

For registrering og kursinformasjon kan du kontakte:

info@crossinglatitudes.com

telefon: +46-70-670 1153

Arrangør er NJORD - Seakayak Norway i samarbeid med Crossing Latitudes

Vis arrangement →
Motorsagkurs i Lærdal
mars
25.
til 26. mars

Motorsagkurs i Lærdal

  • Google Calendar ICS

Det vert kurs i motorsag i Lærdal kommune 25. mars (frå kl. 18.00) og heile 26.mars (frå morgonen).

Vi kjem tilbake til plass vi skal vere. Kurset kostar ca. kr. 2500,- og gjev deg kursbevis for bruk av motorsag.

Det er i alt sju plassar så ver rask med å melde deg på. Det gjeld å vere fyrste mann eller kvinne til mølla eller på skogen som vi likar å seie.


Påmelding til arne.kristian.borger@luster.kommune.no.
Gje opp mobilnummer og adresse

 

Vis arrangement →
Grøn fjord konferansen 2020
mars
11.
til 12. mars

Grøn fjord konferansen 2020

  • Google Calendar ICS

Vi har gleda av å invitere dykk til årets store hending: Grøn fjord Konferansen 2020!

Datoar: 11. – 12. mars, med mogelegheit for innreise med felles båttransport med MS Geirangerfjord II kvelden 10. mars frå Ålesund – Geiranger.

Avreise frå Storneskaia ved rutebilstasjonen kl. 19:00 i Ålesund. Båten kan stoppe og plukke opp pax på følgjande stader: Sjøholt og Stranda, dette må meldast tilbake til oss. På båtturen vil det bli servert kveldsmat, det vil vere noko kulturinnslag og mogelegheit for deltakarane å bli kjend på turen innover.

Konferansearena: Hotel Union Geiranger

Vedlagt finner dere første skissa til program, endringar vil komme, så siste versjon av programmet vil dere alltid finne på våre websider:

 https://www.fjordsenter.com/gron-fjord/

 

Påmeldingslink: Vil bli lagt ut på våre websider og på facebook innan kort tid.

Vi sender faktura for deltaking på konferansen.

Konferanseprisane oppgitt i påmeldinga er eks mva og inkluderer (alt etter val av konferansepakke):

-          Overnattingspakke: Båttransport t/r Ålesund, overnatting, lunsjar, matpauser, program og kulturelle innslag.

-          Dagpakkar: Program, matpausar og lunsj(ar) og kulturelle innslag. Dei som bestiller dagpakkar og ønsker å vere med på festmiddagen den 11. mars, må krysse av dette ved påmelding.

Skulle dere få problem med å melde dykk på, så kan dere også sende ein mail til einar@verdsarvfjord.no

Alle påmeldte vil før konferansestart motta ein link med nedlasting av ein app, som skal nyttast før og under konferansen, meir info om dette kjem.

 

Vis arrangement →
Velkommen til kurs for nye bønder
feb.
26.
6:00 p.m.18:00

Velkommen til kurs for nye bønder

Det er mange tema og spørsmål som er viktige ved overtaking av ein landbrukseigedom. Å starta med eit kurs, kan vera ein fin start.
Med dette kurset ynskjer me å få inspirera og vera til hjelp når den nye bonden skal overta gardsdrifta og finna sin veg for vidare drift.

 

Stad: Sogn Jord- og Hagebruksskule
Tid: onsdag 26.2.2020 kl 18.00-21.00

Tema:

·        Juridiske og menneskelige utfordringar ved eigarskifte– advokat Lasse Sælthun

·        Vår historie og våre val – Gøril og Einar Lie frå garden Ytre Li i Aurland

·        Informasjon frå Bondelaga i Årdal, Lærdal og Aurland

·        Finansieringsordningar hjå Innovasjon Norge

·        Skogbruk v.Skog i Sogn – skogbrukssjef Jørgen Hundseth

·        Kva kan kommunen bidra med – næringsrådgjevar Gudny Flatabø, Aurland kommune og landbrukssjef Magnhild Aspevik,

 

Velkommen til ein triveleg kveld med fagleg påfyll og sosialt samvær.

Enkel servering.

 

Påmelding innan 18.2.2020 til magnhild.aspevik@laerdal.kommune.no

 

 

Arrangør:

Lærdal Næringsutvikling

Årdal Bondelag

Lærdal Bondelag

Aurland Bondelag
Felles Landbrukskontor ÅLA

Vis arrangement →
Aurlandsdalen - infomøte
jan.
30.
6:30 p.m.18:30

Aurlandsdalen - infomøte

Velkomen til eit møte for alle som er interesserte i utvikling og ivaretaking av Aurlandsdalen!

  • Steinbergdalshytta og Geiteryggshytta skal fortelja oss​ litt om sine planar

  • Det vert orientering om arbeid på stien gjennomført i 2019 og om planar vidare

  • val av styringsgruppemedlemmer (repr. grunneigarar)

  • Orientering om STRAX fond

  • Open post - tid for å dela idear, jobba med temaer eller .....

Ta med engasjement, kreativitet, gode tankar, innspel, løysingsforslag, praktisk erfaring, nyfikne og arbeidsglede.

Gjerne gi ein lyd om oppmøte slik at vi har nok kaffe og noko att ​attåt!

Tid og Stad:

30.januar kl 18.30 - 21.00 på Rådhuset i Aurland

Vel møtt!

Vis arrangement →
INFOMØTE OM RESTAURERINGSPLAN FOR KULTURMINNE I VERDSARVOMRÅDET
jan.
20.
5:30 p.m.17:30

INFOMØTE OM RESTAURERINGSPLAN FOR KULTURMINNE I VERDSARVOMRÅDET

Utsyn frå Dyrdal (foto: Nærøyfjorden Verdsarvpark)

Den eksisterande restaureringsplanen for verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap-delområde Nærøyfjorden frå 2014 skal rullerast. I samband med det inviterer me til informasjonsmøte og involvering i prosessen med planen. Hovudmålgruppa for møtet er eigarar og forvaltarar av bygningar og andre kulturminne innafor verdsarvområdet i kommunane Aurland, Lærdal, Vik og Voss. Andre med særskild interesse for/ nytte av å delta på møtet er og velkomne.

Servering av kaffe/ te og noko å bite i.

Dato: 20. januar 2020

Tid og stad: kl. 17.30-19.30 i Vikingbyen i Gudvangen (nytt hovudinngangen)

Kontaktpersonar:

Vestland fylkeskommune v/ Arlen S. Bidne – tlf. 415 30 934

Nærøyfjorden Verdsarvpark, v/ Gry Mørk – tlf. 951 41 438

Vis arrangement →
Seminar og kurs i tørrmuring med Haakon Aase
sep.
18.
til 21. sep.

Seminar og kurs i tørrmuring med Haakon Aase

  • Google Calendar ICS

Bli med på seminar og kurs i tørrmuring på Stalheim!

Torsdag kveld er det seminar der du får ei praktisk innføring i grunnprinsipp og teori.

Dagane etterpå får du prøve i praksis - me skal mure både vegmur/bakkemur og trapp.

Velkomen til spanande dagar på Stalheim!

Påmelding innan 6.september til :

epost: gry@naroyfjorden.no

telefon: +47 95141438

Vis arrangement →
Frå fjell til fjord i verdsarven!
aug.
18.
7:00 a.m.07:00

Frå fjell til fjord i verdsarven!

TURSKILDRING

For at turvandrarar skal få oppleva delar av indrefileten til verdsarven arrangerer me ein tur som går frå det opne høgfjellandskapet i Fresvikjordalen til dei tronge, frodige dalane heilt ned til den veglause grenda Dyrdal ved Nærøyfjorden.

Me startar å gå rett ved Jashaugbu (949 moh) i Fresvikjordalen. Derifrå går turen innover fjellet mot Fresvikvarden på sti, Styvidalsvatnet og så bratt ned mot Huldabotnvatnet. Deretter forsvinn tråkket når me kjem ned mot Styvisdalen og etter kvart til stølen Hjølmo. Då vert turen langs traktorveg ned mot Dyrdal.

Langs denne ruta får me oppleve mykje; kontrasten mellom høgfjellstølar og dalstølar, spor etter villreinjakt og istider, fjell i bevegelse, imponerande gardar og den hyggelige grenda Dyrdal. Turen byr på særs ulikt underlag; me går på sti, tråkk, ur, sva, myr, lyng, gras, traktorveg og vading over små elvar er forventa.


PRAKTISK INFORMASJON:

Vanskegrad: rød

Fakta: ca 7 timar gange+ pauser, 104 m opp og 1260 m ned

Transport:

7.15 Taxi Gudvangen til Jashaugbu

17.20 Ferja Dyrdal til Gudvangen

Pris: 250 for DNT medlemmar, 450 for ikkje medlemmar, betaling med vipss eller kontant ved oppmøte

Godt å ha med: Gode fjellsko, klede for høgfjellsvær, stavar, gamasjer og niste for lang dag

Vis arrangement →
Storied wandering (Forteljarvegen) 2019
juli
22.
til 26. juli

Storied wandering (Forteljarvegen) 2019

  • Google Calendar ICS

This year our storied wandering takes us from the mountains to the fjords, from Østerbø through Aurlandsdalen to Sinjarheim and out to Aurlandsvangen and the fjordlandscape of the UNESCO world heritage of Nærøyfjorden.

PROGRAM:

Monday 22. July: We meet at Østerbø. Some will come at different times, but we will share dinner together in the evening around 18.00. Lodging: Aurlandsdalen turisthytta (DNT): https://aurlandsdalen.dnt.no/. Full lodge, dinner, shower and breakfast (incl. Lunchpack) with all having DNT discount: NOK 931 pr person in 4- persons rooms or one 6-person room.

Tuesday 23. July: We hike down the Aurlandsdalen to Sinjarheim, and we will stay at this beautiful old farm. You would need a sleeping bag here. See Sinjarheim: https://no.wikipedia.org/wiki/Sinjarheim. If some would want to stay in tent, that would be fine.

Wednesday 24. July: We hike down to Vassbygdi and out to Aurland. Here we will stay at either campground: https://www.lunde-camping.no/; cabins: www.winjum-hytter.com/ or “motel”:  https://www.vangsgaarden.com. We are staying 2 nights until Friday. At Lunde the price for 4-person cabin is NOK 750 pr night.

Thursday 25. July: This day we will use in Nærøyfjorden, and we will try a rowboat, we will hear the stories of people living in the fjord and walk parts of the old postal route.

Friday 26. July: A place-based story-telling workshop at Sogn Jord og hagebruksskolen. We will also get an guided tour of the history of the school. https://sjh.no/.

Price: kr 1500 pr person. This is for shared costs, overnight and dinner and breakfast at Sinjarheim, rowing boat and arrangements. NB! The participants need to arrange and pay for lodging at Østerbø (1 night) and Aurland (2 nights) themselves: (check above links). They will also need to pay for ferry to Nærøyfjorden and their own cost (besides dinner and breakfast at Sinjarheim).

Transportation: Arrive: 22. July: From Ål train station 12 pm to Østerbø (arrive 13.30). Departure: 26. July: Bus to Østerbø at 16.46, Train: 17.25 from FLåm over Myrdal, arrive Ål 20.25.

Contact: Jorunn Barane (jorunn.barane@sfj.no): 00 47 97 00 59 51; Per Ingvar Haukeland (per.i.haukeland@usn.no): ph: 00 47 46 42 01 29.

HOW TO SIGN UP: Send an email/sms to Jorunn or Per Ingvar by 20 juni! BUT, send it in as soon as you can, and let us know: 1) name of participant(s) og 2) how you plan to arrive and leave.

Vis arrangement →