Kurs: Oppfrisking av førstehjelp i villmarka!
Hald kunnskapen ved like! Dette kurset gjev deg høve til å få friske oppatt kunnskapen din om førstehjelp i villmarka. Kurset er for alle som har WFR kurs på minst 70 timar frå før.
For registrering og informasjon, kontakt:
info@crossinglatitudes.com
telefon: +46-70-670 1153
Arangør er NJORD Seakayak Norway og Crossing Latitudes
Kurs: Førstehjelp i villmarka - 80 timar
Dette kurset passar for deg som likar å vere ute i naturen. Om du vandrar i fjellet eller padlar på fjorden, om du er guide eller berre elskar å vere ute i villmarka, kan uhellet vere ute. Kurset gjev deg kunnskap til å kunne hjelpe både deg sjølv og andre dersom uhellet skjer langt frå folk og legehjelp.
Dette kurset er på 80 timar og gjev deg kunnskapen du treng for å kunne hjelpe i kritistiske situasjonar.
For registrering og kursinformasjon kan du kontakte:
info@crossinglatitudes.com
telefon: +46-70-670 1153
Arrangør er NJORD - Seakayak Norway i samarbeid med Crossing Latitudes
Aurlandsdalen - infomøte
Velkomen til eit møte for alle som er interesserte i utvikling og ivaretaking av Aurlandsdalen!
Steinbergdalshytta og Geiteryggshytta skal fortelja oss litt om sine planar
Det vert orientering om arbeid på stien gjennomført i 2019 og om planar vidare
val av styringsgruppemedlemmer (repr. grunneigarar)
Orientering om STRAX fond
Open post - tid for å dela idear, jobba med temaer eller .....
Ta med engasjement, kreativitet, gode tankar, innspel, løysingsforslag, praktisk erfaring, nyfikne og arbeidsglede.
Gjerne gi ein lyd om oppmøte slik at vi har nok kaffe og noko att attåt!
Tid og Stad:
30.januar kl 18.30 - 21.00 på Rådhuset i Aurland
Vel møtt!
INFOMØTE OM RESTAURERINGSPLAN FOR KULTURMINNE I VERDSARVOMRÅDET
Den eksisterande restaureringsplanen for verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap-delområde Nærøyfjorden frå 2014 skal rullerast. I samband med det inviterer me til informasjonsmøte og involvering i prosessen med planen. Hovudmålgruppa for møtet er eigarar og forvaltarar av bygningar og andre kulturminne innafor verdsarvområdet i kommunane Aurland, Lærdal, Vik og Voss. Andre med særskild interesse for/ nytte av å delta på møtet er og velkomne.
Servering av kaffe/ te og noko å bite i.
Dato: 20. januar 2020
Tid og stad: kl. 17.30-19.30 i Vikingbyen i Gudvangen (nytt hovudinngangen)
Kontaktpersonar:
Vestland fylkeskommune v/ Arlen S. Bidne – tlf. 415 30 934
Nærøyfjorden Verdsarvpark, v/ Gry Mørk – tlf. 951 41 438