Grøn fjord konferansen 2020
Vi har gleda av å invitere dykk til årets store hending: Grøn fjord Konferansen 2020!
Datoar: 11. – 12. mars, med mogelegheit for innreise med felles båttransport med MS Geirangerfjord II kvelden 10. mars frå Ålesund – Geiranger.
Avreise frå Storneskaia ved rutebilstasjonen kl. 19:00 i Ålesund. Båten kan stoppe og plukke opp pax på følgjande stader: Sjøholt og Stranda, dette må meldast tilbake til oss. På båtturen vil det bli servert kveldsmat, det vil vere noko kulturinnslag og mogelegheit for deltakarane å bli kjend på turen innover.
Konferansearena: Hotel Union Geiranger
Vedlagt finner dere første skissa til program, endringar vil komme, så siste versjon av programmet vil dere alltid finne på våre websider:
https://www.fjordsenter.com/gron-fjord/
Påmeldingslink: Vil bli lagt ut på våre websider og på facebook innan kort tid.
Vi sender faktura for deltaking på konferansen.
Konferanseprisane oppgitt i påmeldinga er eks mva og inkluderer (alt etter val av konferansepakke):
- Overnattingspakke: Båttransport t/r Ålesund, overnatting, lunsjar, matpauser, program og kulturelle innslag.
- Dagpakkar: Program, matpausar og lunsj(ar) og kulturelle innslag. Dei som bestiller dagpakkar og ønsker å vere med på festmiddagen den 11. mars, må krysse av dette ved påmelding.
Skulle dere få problem med å melde dykk på, så kan dere også sende ein mail til einar@verdsarvfjord.no
Alle påmeldte vil før konferansestart motta ein link med nedlasting av ein app, som skal nyttast før og under konferansen, meir info om dette kjem.