Tilbake til alle arrangementer

Grøn fjord konferansen 2020


Vi har gleda av å invitere dykk til årets store hending: Grøn fjord Konferansen 2020!

Datoar: 11. – 12. mars, med mogelegheit for innreise med felles båttransport med MS Geirangerfjord II kvelden 10. mars frå Ålesund – Geiranger.

Avreise frå Storneskaia ved rutebilstasjonen kl. 19:00 i Ålesund. Båten kan stoppe og plukke opp pax på følgjande stader: Sjøholt og Stranda, dette må meldast tilbake til oss. På båtturen vil det bli servert kveldsmat, det vil vere noko kulturinnslag og mogelegheit for deltakarane å bli kjend på turen innover.

Konferansearena: Hotel Union Geiranger

Vedlagt finner dere første skissa til program, endringar vil komme, så siste versjon av programmet vil dere alltid finne på våre websider:

 https://www.fjordsenter.com/gron-fjord/

 

Påmeldingslink: Vil bli lagt ut på våre websider og på facebook innan kort tid.

Vi sender faktura for deltaking på konferansen.

Konferanseprisane oppgitt i påmeldinga er eks mva og inkluderer (alt etter val av konferansepakke):

-          Overnattingspakke: Båttransport t/r Ålesund, overnatting, lunsjar, matpauser, program og kulturelle innslag.

-          Dagpakkar: Program, matpausar og lunsj(ar) og kulturelle innslag. Dei som bestiller dagpakkar og ønsker å vere med på festmiddagen den 11. mars, må krysse av dette ved påmelding.

Skulle dere få problem med å melde dykk på, så kan dere også sende ein mail til einar@verdsarvfjord.no

Alle påmeldte vil før konferansestart motta ein link med nedlasting av ein app, som skal nyttast før og under konferansen, meir info om dette kjem.

 

Forrige
Forrige
26. februar

Velkommen til kurs for nye bønder

Neste
Neste
25. mars

Motorsagkurs i Lærdal