Bli med og opplev Styvi, Kongevegen og Nærøyfjorden på den finaste tida på året!
Me byr på guida tur på Kongevegen, ope gardsmuseum, servering i kafeen på kaia og andre aktivitetar for både vaksne og born denne helga.
Laurdag 15. juni kl. 09.30-17.30 Søndag 16. juni kl. 09.30-17.30
AKTIVITETAR Å VERE MED PÅ:
* Ope gardsmuseum, med guida omsyning kl. 13.00 og 14.30 begge dagar
* Aktivitet med slått og lauving, med høve til å delta
* Natur- og kultursti for vaksne og born, med deltakarpremiar
* Sauar og heimalam på beite, som ein kan kose med og gje fôr til
* Tur på Kongevegen. Gå sjølv eller med guide.
NB: Den guida turen er på søndagen kl. 12-14, t/r Styvi-Odnes.
OPEN KAFÉ PÅ KAIA
* Sal av varm og kald mat og drikke
* Sal av bøker og andre lokale produkt
NB! TA MED KONTANTAR! Du kan ikkje betale med kort eller vipps.
TRANSPORT*
Rutegåande båt
* Gudvangen → Styvi: 10.30, 11.30 (ikkje søndag), 13.30
* Styvi → Gudvangen: 15.30, 17.30
Robåt Kontakt Kystled Nærøyfjord v/ Svein Tufte for leige, tlf. 90 52 63 24
Kajakk Kontakt Njord eller Nordic Ventures for leige, eller ta med eigen kajakk.
*Det går shuttlebus strekninga Aurland-Flåm-Gudvangen, som og korresponderer med båtruta.
Merk deg:
Frist for førehandstinging av båtbillett til spesialpris er 27. mai!
For meir info og tinging av båtbillettar, kontakt: Prosjektleiar Gry Mørk – tlf. 95 14 14 38, e-post: gry@naroyfjorden.no
Kontaktperson:
Nærøyfjorden Verdsarvpark v/ parkforvaltar Gry Mørk
E-post: gry@naroyfjorden.no
Tlf.: 95 14 14 38
Arrangørar:
Nærøyfjorden Verdsarvpark
Nærøyfjorden verneområdestyre
Familien Hov, grunneigar