
Seminar om trevirkekvalitet
Bli med på ein spennande fagdag om trevirket sin kvalitet!
Erlend Gjelsvik, Marco Neven og Glenn Terje Løken vil dele kunnskapen sin - og me ser fram til ein flott dag i Vik.
Arrangementet er ei markering av Dei norske kulturminnedagane 2021
Praktisk informasjon:
Tid: kl 11.00-18.00
Stad: Vikjahalli, Vik i Sogn
Pris: kr 900,-
Påmelding: innan 26.aug kl 22.00 til:
Gry Mørk t: 95 14 14 38 e: gry@naroyfjorden.no


Motorsagkurs i Lærdal
Det vert kurs i motorsag i Lærdal kommune 25. mars (frå kl. 18.00) og heile 26.mars (frå morgonen).
Vi kjem tilbake til plass vi skal vere. Kurset kostar ca. kr. 2500,- og gjev deg kursbevis for bruk av motorsag.
Det er i alt sju plassar så ver rask med å melde deg på. Det gjeld å vere fyrste mann eller kvinne til mølla eller på skogen som vi likar å seie.
Påmelding til arne.kristian.borger@luster.kommune.no.
Gje opp mobilnummer og adresse

Velkommen til kurs for nye bønder
Det er mange tema og spørsmål som er viktige ved overtaking av ein landbrukseigedom. Å starta med eit kurs, kan vera ein fin start.
Med dette kurset ynskjer me å få inspirera og vera til hjelp når den nye bonden skal overta gardsdrifta og finna sin veg for vidare drift.
Stad: Sogn Jord- og Hagebruksskule
Tid: onsdag 26.2.2020 kl 18.00-21.00
Tema:
· Juridiske og menneskelige utfordringar ved eigarskifte– advokat Lasse Sælthun
· Vår historie og våre val – Gøril og Einar Lie frå garden Ytre Li i Aurland
· Informasjon frå Bondelaga i Årdal, Lærdal og Aurland
· Finansieringsordningar hjå Innovasjon Norge
· Skogbruk v.Skog i Sogn – skogbrukssjef Jørgen Hundseth
· Kva kan kommunen bidra med – næringsrådgjevar Gudny Flatabø, Aurland kommune og landbrukssjef Magnhild Aspevik,
Velkommen til ein triveleg kveld med fagleg påfyll og sosialt samvær.
Enkel servering.
Påmelding innan 18.2.2020 til magnhild.aspevik@laerdal.kommune.no
Arrangør:
Lærdal Næringsutvikling
Årdal Bondelag
Lærdal Bondelag
Aurland Bondelag
Felles Landbrukskontor ÅLA