Multikulti Vik Festival
Multikulti Vik Festival vert arrangert for fyrste gong i 2016 av Vik Kommune. Formålet med festivalen er å markera mangfaldet av kulturar ikkje berre i Vik, men i Noreg og i heile resten av verda.
Ekstremsportveko
Ekstremsportveko er verdas største sports- og musikkfestival av sitt slag, og vert årleg arrangert på Voss, i Hordaland den siste veka i juni. Her vert det arrangert konkurransar innan heile tjue sportar, blant anna i; kajakk, rafting, frikøyring, skating, speedriding, paragliding, triathlon, mtb-bmx, fallskjermhopping, klatring, BASE og longboarding. I ei heil veka møtest nasjonale og internasjonale utøvarar for å utfordra seg sjølve, kvarandre og naturkreftene.
Geitostfestivalen
Geitostfestivalen i Undredal er ein festival med fokus på geitosten som bygda er kjent for. I tillegg til å ha den minste stavkyrkja som framleis er i bruk er Undredal òg kjent for å ha fire gonger så mange geiter som menneksjer i bygda.