Osafestivalen
Osafestivalen er ein festival innan folkemusikk og klassisk musikk med tilhaldsstad på Voss. Den vart skipa i 1991 og vert arrangert siste heile helga i oktober kvart år.
Osafestivalen har fått namnet sitt frå spelemannen og fiolinisten Sigbjørn Bernhoft Osa (1910-1990). Han grunnla Ole Bull Akademiet, han såg at det å utveksle kunnskap og erfaring var viktig både for folkemusikarar og for kunstmusikarar. Det var òg eit viktig bindelekk mellom desse.
Osafestivalen har som føremål å fremja kunnskap om norsk folkemusikk gjennom tilskiping av seminar og konsertar. Her vert folkemusikken formidla i tradisjonell form, i samspel og møte med klassisk musikk og i nye komposisjonar inspirert av folkemusikk. Festivalen skal vera eit tiltak som smir saman tradisjon og visjon, og vera ein møtestad for skapande utøvarar og komponistar.
Festivalen er eit samarbeidsprosjekt mellom Ole Bull Akademiet, Voss Spelemannslag, Voss Ungdomslag og Orkesteret Fossegrimen.