Gamalostfestivalen
Gamalostfestivalen vert arrangert kvart år i Vik i slutten av mai. Festivalen vart skipa i æra av den lokale spesialiteten Gamalost, og ikkje minst for å halda i hevd ein tradisjonsrik og levedyktig matkultur. Vik Meieri er det einaste meieriet i landet som produsera gamalost, og bygda har lange tradisjonar på å produsera osten. Gamalosten frå Vik kan ein få kjøpt i butikkar over heile landet. I Vik kan ein òg få oppleva den på Ostebaren som vert drive av Tine.
Gamalost er ei delikatessa som har ein tusen år gamal tradisjon. Osten vert produsert av skumma mjølk i løpet av 14 dagar. Namnet er litt misvisande då sjølve produksjonsprosessen er ein av dei kortaste når det kjem til ostar. Osten vert produsert utan tilsett salt og sukker, og inneheld meir enn 50% proteiner og har berre 1% fett. Osten er og bra for kolesterolet.
Gamalostfestivalen i Vik har eit variert program som går over fleire dagar, der ein kan oppleve blant anna;
* Guhaugspelet
* Fagseminar
* Konsertar
* Dans
* Marknad med fokus på kortreist mat; kunst, handverk og tradisjon; utstillarar med tilknyting til Vik.
* Den tradisjonelle gamalostfrukosten
* Høgdegalla
For meir informasjon om årets program sjå nettsida deira.