Ny partnar i Verdsarvparken

Høgdegarden Øvste Stegen ligg vakkert til over Nærøyfjorden, ca 300 meter opp frå fjorden. Det er bratt og luftig sti opp dit, men staden og dei spektakulære naturopplevingane som både stien og garden gjev, er løn for utfordringa med å kome seg opp.

Eg møter Ottar og Irene ein tidleg augustmorgon. Dei har signert partnarskapsavtale med Verdsarvparken, og eg har bedt om ein prat. Kven er desse to som har eit slikt brennande engasjement for ein gamal høgdegard?

Ottar og Irene Stegen overtok Øvste Stegen i 2013. Då vart Ottar 7.generasjon eigar av denne vakre høgdegarden. Den er rik på ressursar, og har gjeve dyktige eigarar gode liv. Kvar generasjon har vidareført garden i stadig betre stand, og dagens eigarar vil prøve å gjere det same.

“Me prøver å leve i den ånda som alltid har vore der, at ting skal gjerast skikkeleg”. seier Irene og smiler. Ho er levande oppteken av å kunne fortelje om livet og arbeidet, om korleis dei livberga seg, klarte seg på ein slik stad. Foreldra til Ottar var dei siste som budde der. Det var full drift til 1972, og slått fram til 1978. Framleis held dei kulturlandskapet rundt garden i god stand.

No ynskjer Irene og Ottar å dele Øvste Stegen med fleire. Dei smiler og fortel at dei er så heldige å ha ein storfamilie som alle likar å vere på Øvste Stegen, og som er flinke å hjelpe til.

“Det er mange bører som skal opp og ned stien, veit du”, seier Ottar. Heldigvis får me god hjelp med det.

Kanskje kan dei få til å ta imot gjester utanom familien også. Dei er engasjerte og smilande når dei fortel meg om idear, tankar og draumar. Vertskapsrolla ser eg dei har i fullt mon, så kvar ein som kjem inn på tunet deira vil nok bli godt ivareteken!

Forrige
Forrige

Ny leiar og nestleiar av styret for stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark

Neste
Neste

Åpning av utstilling i skulehuset på Bakka