Ny leiar og nestleiar av styret for stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark

Verdsarvparken, både som organisasjon og regional samarbeidsplattform, har som

sitt  fremste føremål å vere ein støttespelar og pådrivar for ei natur i natur- og kulturbasert samfunnsutvikling med forankring i verdsarvstatusen til Nærøyfjordområdet.

Ordførar i Lærdal kommune, Audun Mo, vart på konstituerande styremøte den

9. september 2024, valt til ny styreleiar for stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Bjørn Ståle Vike, 292 Aurland (Parkpartnar)  vart på same tid valt til nestleiar.  

Styreleiar:  Audun Mo 

Kontaktinfo:  99 20 50 06. Epost: audun.mo@laerdal.kommune.no

 Kommentar frå Audun Mo:  

“Å få vera styreleiar i Parken sett eg stor pris på, og takkar for tilliten. Eg gler meg til å starta samarbeidet med dei tilsette og det nye styre.”

Nestleiar: Bjørn Ståle Vike.  

Kontaktinfo: 48 09 54 68. Epost: bjorn.vike@gmail.com

Kommentar frå Bjørn Ståle Vike:

“Nærøyfjorden Verdsarvpark er av særs høg verdi ikkje berre for vi som bur her, for heile verda. Den trekk hundretusener av reisande til området. Å bli valgt som nestleiar er ei oppgave eg gler meg til. Det er ei stor utfordring å videreutvikle ei natur og kulturbasert utvikling. For å få til det må kommunane og alle aktører stå samla på ei sams plattform. Eg gler meg til å bidra. “

 

Forrige
Forrige

Erling Oppheim sluttar som dagleg leiar og verdsarvkoordinator

Neste
Neste

Ny partnar i Verdsarvparken