Åpning av utstilling i skulehuset på Bakka

Det gamle skulehuset på Bakka har fått eit nytt liv. No er det fylt med utstilling om folket som lever og har levd i området, og me er stolte over å kunne vise fram del ein av denne utstillinga. Dette er resultatet av eit godt samarbeid mellom kommune, grendalag, verneområdeforvaltninga og Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Dette vesle bygget rommar hjarta til grenda Bakka. Her har ungane gått på skule, lært å lese, skrive og rekne. Her har dei forma venskap, leika, krangla og slåss. Her har dei vaksne kome saman til fest og til alvor. Det har vore samlingspunktet.

Alle som har budd her, og dei som bur her no, er glade i dette huset, og har sine eigne minner frå det. Dei er framleis opptekne av at dette skal vere eit levande bygg – at det framleis skal vere eit møtepunkt.

Laurdag 15.juni var det mange som fann vegen til grenda Bakka. Der var det opning av utstilling inne i det gamle skulehuset.

Magnus Øydvin spelte for oss, David Underdal opna feiringa. Erling Oppheim heldt tale, og Svein Tufte klypte snora og opna sjølve utstillinga. Snædis delte ut blomar til gode hjelparar.

Etterpå var det kaffi, marsipankake og frukt ute på skuleplassen - og til ogmed sola vart med på markeringa! Godt humør, god stemning, minner og historiar summa over plassen.

Takk til alle som kom og gjorde feiringa så fin!

Skulehuset er opent kvar dag kl 10.00-18.00.

Du er hjarteleg velkomen til å kome på beøk!

Forrige
Forrige

Ny partnar i Verdsarvparken

Neste
Neste

Pressemelding frå Verdsarvrådet