Fylkesutvalet er positivt til verdsarvsenter
Fylkesutvalet ser positivt på planane om å etablere eit autorisert verdsarvsenter for Vestnorsk fjordlandskap, delområde Nærøyfjorden i Aurland.
– Vi er det fylket i landet med flest verdsarvstadar, og dei skal vi ta godt vare på. Det er viktig at vi utviklar potensialet i verdsarvstadane våre på ein god og berekraftig måte. Det trur eg eit verdsarvsenter i Nærøyfjorden vil bidra til, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Det er Nærøyfjorden verdsarvpark og Aurland Kjøle- og Fruktlager SA som har laga eit forprosjekt for å etablere eit autorisert verdsarvsenter på Aurlandsvangen. Dei sende forprosjektet til Vestland fylkeskommune for å få politisk forankring for det vidare arbeidet, og det fekk dei.
Verdsarvsenteret i Nærøyfjorden slik det framstår i forprosjektet, er i tråd med både berekraftmåla til FN og utviklingsplanen til Vestland fylkeskommune. Etableringa av senteret er også i tråd med måla i dei regionale planane for kultur i dei tidlegare fylka. Desse gjeld inntil Vestland fylkeskommune har vedteke ein eigen regional plan for kultur.
– Å bruke eksisterande bygningsmasse er bra for både klima og kulturhistoria på staden. Vi har sett at dette blir gjort med hell mange stadar. Det var noko av det direktøren i Kulturminnefondet snakka om, og viste døme på, under nyttårsmøtet tidlegare i januar, seier fylkesordføraren.
Meir om saka og forprosjektet i den politiske saka om verdsarvsenteret.