SMARTcamp - UNESCO Verdsarvsenter i Aurland
Det er planar om å byggja eit Verdsarvsenter på Odden i Aurland. Korleis ynskjer du at det skal vera ute og inne? Kva vil du fortelja om verdsarven på heimstaden din? Kva syns du må til for at store og små, unge og gamle skal få lyst til å besøka senteret og området rundt, gong på gong? Kva vil du visa venner som du har på besøk? Korleis vil du løysa oppdraget på ein miljøvennleg og bærekraftig måte.
Dette var problemstillinga 5. og 6. klasse på ABU vart presentert for på SMARTcampen sist veke.
I to heile dagar jobba dei i grupper og bygde modellar av verdsarvsenteret og området rundt, både på land og ute i sjøen. Elevane synte stor kreativitet og kom med mange gode idear, nokre av dei : solceller på taket og i vindaugene i Verdsarvsenteret, kafè, utstillingar, scene og aktivitetsrom inne, undersjøiske rom i glas ute i sjøen, sjøbad, boblebad, scene ute og inne, minatyrfigurar av Flåmsbana, kyrkjer i kommunen m.m., store grøntområde med frukttre og bærbusker, klatrestativ, bord og benker av tre og naturvennlege materiale, undersjøiske dronebilete vist på storskjerm osv.