Aurland Naturfond - søknadsfrist 1.mars 2021

FONDET HAR TIL  FØREMÅL Å GJE PERSONAR I AURLAND HØVE TIL ERFARINGS –OG KOMPETANSEUTVIKLING  INNAN NATURBRUK OG TILRETTELEGGING FOR LANDSKAPSOPPLEVING, SMÅSKALA FOREDLING OG PRODUKTUTVIKLING, NATUR- OG LANDSKAPSFORMIDLING.

Nærøyfjorden Verdsarvpark forvaltar Aurland Naturfond som vart etablert i samband med omorganiseringa av Aurland Naturverkstad frå BA-selskap til AS der BA-selskapet vart avvikla. BA-selskapet sine verdiar vart lagt inn i Aurland Naturfond. 

Fondet skal i utgangspunktet fordelast gjennom årlege søknadar/ ubetalingar over ein periode på 20 år; noko som for 2021 tilsvarar om lag kr. 30 800,- .

Personar med bustadadresse i Aurland kommune kan søkje om midlar frå fondet.

Midlane kan nyttast til ma. kurs, studiereiser, eller opphald i samband med opplæring. Omsøkt aktivitet eller tiltak skal inngå i ein plan for etablering eller vidareutvikling av eiga bedrift/ næring. Det vert ikkje stilt krav om særskild eigendel.

Det kan og søkjast midlar til nettverksbygging, gjennomføring av seminar og liknande arrangement som vert halde i Aurland kommune og som er berekna på kompetanseutvikling i natur- og kulturbaserte næringar.

Søkjarar som får tilsegn om midlar pliktar å levere rapport frå aktiviteten/ tiltaket innan 3 månader etter at det er avslutta.

Verdsarvparken sitt arbeidsutval er fondsstyre for Aurland Naturfond.

Vedtekter for fondet finn De her: www.naroyfjorden.no/aurland-naturfond

Nærare informasjon ordninga få De ved å ta kontakt med dagleg leiar på tlf. 95 17 25 95 eller e-post erling@naroyfjorden.no

SØKNAD VERT Å SENDE INNAN 1. MARS 2021 TIL NÆRØYFJORDEN VERDSARVPARK,

HELABROTET 2A,  5745 AURLAND ELLER PR. E-POST TIL POST@NAROYFJORDEN.NO .

Forrige
Forrige

Fylkesutvalet er positivt til verdsarvsenter

Neste
Neste

Informasjon om Verdsarvstipend/residens