Kva skjer?

Vossadagane
Årets viktigaste møteplass på Voss
Vossadagane er møteplassen der ein løftar blikket og ser det store bilete, og samtidig trekkjer linjene frå det globale og nasjonale til Vestlandet og Voss.

Last Tuesday
Tema for dagen: Berekraftsrapportering, ny naturmangfaldsplan og bedriftspresentasjon
Program:
Berekraftsrapportering v/ Azets Consulting
Atle Sandal og Jens Ludvig Haaland frå Azets Consulting kjem for å gi oss eit inspirerande og innsiktsfult innlegg om berekraftsrapporteing: frå compliance til konkurransefortrinn. Her set dei fokus på korleis bedrifter kan gå frå å berre oppfylla lovkrav til å bruka berekraftsrapportering som eit strategisk verktøy for vekst og innovasjon.
Føredraget tek mellom anna for seg:
Introduksjon til berekraftsrapportering: Kva er det og kvifor er det viktig?
CRSD Compliance: Rammeverk, krav og juridiske konsekvensar
Implementering: Praktiske trinn og verktøy for effektiv rapportering
Forretningsmoglegheiter: Korleis berekraftsrapportering kan skapa konkurransefortrinn, driva innovasjon og møta investorkrav
Den nye naturmangfaldsplanen v/ Voss Herad
Klima- og miljørådgjevar i Voss herad, Lina Hamre, tek oss igjennom den ferske naturmangfaldplanen til heradet. Kva retning vil naturforvaltninga ta framover, og korleis vil dette påverke nokre bransjar og bedrifter meir enn andre?
Bedriftspresentasjon: Din Omstilling
Din Omstilling er lokalisert i Odda, og hjelp organisasjonar med utviklings- og omstillingsprosessar. Dei tilbyr tenester innan leiarutvikling, teamutvikling, organisasjonsutvikling, Jungiansk Type Index (JTI) samt teamkompasset.
Velkomen!
Praktisk informasjon:
Når: Tysdag 25. februar kl. 14.00 – 16.00
Kvar: Næringshagens nye lokale i Gondolbygget (inngang via Turistinformasjonen)
Lett servering
Påmeldingsfrist 24. februar kl. 12.00
LivOGLyst – eit program for lokalsamfunnsutvikling i Vestland
Frå Stalheim.
LivOGLyst er eit program for innbyggjarar i Vestland fylke som vil skape nytt engasjement, trivsel og aktivitet i lokalsamfunna sine. Programmet gir kompetanse innan lokalsamfunnsutvikling og økonomisk støtte til mobilisering og aktivitetar.
Søknadsfrist for å verta med i programmet med LivOGLYst-prosjekt er 1. november!
Programmet gir lokalsamfunna og innbyggjarane sjølv moglegheit til å utvikle heimstaden sine til ein betre stad å bu og vere. Dette kan vere eit nabolag, ei bygd eller ein bydel. Gjennom eit LivOGLyst-prosjekt kan de saman skape eit attraktivt og levande lokalsamfunn.
Vil du vite meir? Vestland Fylkeskommune inviterar til eit digitalt infomøte om LivOGLyst-programmet 10.oktober, påmelding og meir informasjon kan du finne her: Informasjonsmøte om LivOGLyst-programmet.
Tema for møtet
Kva bør vere på plass før ein søker om å bli eit LivOGLyst-prosjekt?
Kva er aktivitetane i eit forprosjekt og eit hovudprosjekt?
Kva inneber det å vere ein del av LivOGLyst-nettverket?
Du kan også sende inn spørsmål du ønskjer svar på i påmeldingsskjemaet til informasjonsmøtet.
Kva er eit LivOGLyst-prosjekt?
Eit LivOGLyst-prosjekt vert drive av folk i lokalsamfunnet. Det startar med at innbyggjarar samlast for å utforske korleis dei kan skape noko positivt i nærområdet sitt. Prosjektet skal involvere folk på tvers av alder, bakgrunn og interesser, og det skal mobilisere til dugnad.
Prosjektet startar med eit forprosjekt, der de kartlegg idear og ønske i lokalsamfunnet. Forprosjektet får eit tilskot på 80 000 kr for eitt år. Etterpå kan de søke om å bli eit hovudprosjekt, som får 300 000 kr fordelt over tre år for å halde fram med arbeidet som starta i forprosjektet.
Tilskotet kan brukast til
Prosjektleiing (inntil 50 prosent)
Mobiliseringstiltak og aktivitetar i lokalsamfunnet (t.d. nye møteplassar, arrangement, bygdefestar, folkemøte)
Deltaking i LivOGLyst-nettverket (t.d. reise, opphald, kurs)
Dette kan ikkje få tilskot
De kan ikkje søke tilskot til eit etablert prosjekt, som allereie ser for seg konkrete tiltak eller investeringar. Tilskotet kan heller ikkje gå til større, fysiske investeringar, som t.d. opprusting av samfunnshus, bygging av gapahukar eller badstover. Pengane skal gå til prosjektleiing, aktivitetar, reiseutgifter og små innkjøp.
For meir informasjon om LivOGLyst-programmet, samt krav og kriterium for å søkje, sjå nettsida til Vestland fylkeskommune. LivOGLyst for lokalsamfunnsutvikling - Vestland fylkeskommune
Velkomen til Parkmøte, temadel og dialogmøte 2023
Arrangørar: Nærøyfjorden Verdsarvpark og Nærøyfjorden verneområdestyreVær oppmersam; påmelding innan 23.november til erling@naroyfjorden.no
Del 1: Parkmøte
09.30: Oppmøte og registrering.
10.00: Velkomst og kort innleiing ved:
David Underdal, styreleiar i Verdsarvparken.
Erling Oppheim, dagleg leiar Verdsarvparken.
10.15: Kort om prosjekt og tiltak gjennomført så langt i 2023
10.45: Revisjon av Parkplanen ved prosjektleiar Sogn Naturforvaltning.
Presentasjon av planprosess og felles arbeidsøkt.
12.30: Oppsummering av revisjonsarbeidet
12.50: Val av medlemar (repr. parkpartnarane) til Parkstyret ved valnemnda.
Felles lunsj 13.00 - 14.00:
Del 2: Felles temadel
14.00: Velkommen
Trygve Skjerdal, leiar i verneområdestyre
14.10 Helsing
Liv Signe Navarsete, Statsforvaltaren i Vestland
14.15: Byggeskikk og kulturmiljø som ein del av landskapet
Inga Lindstrøm, Fylkeskommunen i Vestland
15:00: Reaksjonar på ulovlege tiltak i verneområdet
Trond Flydal, Miljødirektoratet
15:45: Spørsmål og innspel frå salen
Del 3: Dialogmøte
Nærøyfjorden verneområdestyre og rådgjevande utval
16.00: Orientering om saker og tiltak i verneområdestyret i 2023
16.30: Innspel til tiltaksplanen for 2024
Informasjons- og innspelsmøte om kulturarven
Kulturarven
Plan for kulturminne, kulturmiljø og landskap i Aurland kommune
Korleis skal me ta vare på kulturarven vår? Korleis kan kommunen, lokale lag og frivillige, og grunneigarar jobba tettare saman for å sikre dei verdifulle kulturminna våre? Ein plan for kulturminne, kulturmiljø og landskap skal vere eit verktøy som sikrar samarbeid og handlekraft i møte med dei utfordringane me står ovanfor og vere eit reiskap for å fortsetja å kunne formidla den viktige historia, både til dei lokale, men og dei besøkjande.
presentasjon av arbeidet med planen- og prosessen vidare
kva skal ein kulturminneplan innehalde?
kva er ditt kulturminne? - moglegheit for innspel til kva kulturminne som bør vere med i planen
Laila Kvellestad vil servere nydeleg mylse og lappar og det vil bli kulturelt musikkinnslag! Presentasjonen startar kl 18, men om du ikkje har høve til å kome før seinare, vil me jobbe med innspel til planen fram til kl 21.
Velkomen!
Nettverksdag for små bedrifter
Driver du med landbruk, servering, overnatting eller opplevelser i Aurland eller Lærdal?
Har du unike produkter basert på lokale ressurser, men ingen "rik onkel" som kan betale for storstilte annonsekampanjer?
Da er dette en gylden mulighet for din bedrift!
Den 25. april inviterer Sakte alliansen (https://www.sakte.no/) til nettverksdag på Steinbergdalshytta. Som deltaker for du / dere 5 min på å presenter bedriften, hvem dere er, hva dere står for og produktene dere leverer. Etter denne presentasjonsrunden får vi servert nydelig mat, og rikelig med tid til å finne nye samarbeidspartnere, kunder og leverandører.
Alle får i etterkant et dokument med all relevant informasjon om deltakerne på nettverksdagen, så du har det du trenger til å følge opp kontaktene i ettertid.
Pris 500 kr pr bedrift.
Påmelding innen 22. april til post@steinbergdalshytta.no eller 46287352.