LivOGLyst er eit program for innbyggjarar i Vestland fylke som vil skape nytt engasjement, trivsel og aktivitet i lokalsamfunna sine. Programmet gir kompetanse innan lokalsamfunnsutvikling og økonomisk støtte til mobilisering og aktivitetar.
Søknadsfrist for å verta med i programmet med LivOGLYst-prosjekt er 1. november!
Programmet gir lokalsamfunna og innbyggjarane sjølv moglegheit til å utvikle heimstaden sine til ein betre stad å bu og vere. Dette kan vere eit nabolag, ei bygd eller ein bydel. Gjennom eit LivOGLyst-prosjekt kan de saman skape eit attraktivt og levande lokalsamfunn.
Vil du vite meir? Vestland Fylkeskommune inviterar til eit digitalt infomøte om LivOGLyst-programmet 10.oktober, påmelding og meir informasjon kan du finne her: Informasjonsmøte om LivOGLyst-programmet.
Tema for møtet
Kva bør vere på plass før ein søker om å bli eit LivOGLyst-prosjekt?
Kva er aktivitetane i eit forprosjekt og eit hovudprosjekt?
Kva inneber det å vere ein del av LivOGLyst-nettverket?
Du kan også sende inn spørsmål du ønskjer svar på i påmeldingsskjemaet til informasjonsmøtet.
Kva er eit LivOGLyst-prosjekt?
Eit LivOGLyst-prosjekt vert drive av folk i lokalsamfunnet. Det startar med at innbyggjarar samlast for å utforske korleis dei kan skape noko positivt i nærområdet sitt. Prosjektet skal involvere folk på tvers av alder, bakgrunn og interesser, og det skal mobilisere til dugnad.
Prosjektet startar med eit forprosjekt, der de kartlegg idear og ønske i lokalsamfunnet. Forprosjektet får eit tilskot på 80 000 kr for eitt år. Etterpå kan de søke om å bli eit hovudprosjekt, som får 300 000 kr fordelt over tre år for å halde fram med arbeidet som starta i forprosjektet.
Tilskotet kan brukast til
Prosjektleiing (inntil 50 prosent)
Mobiliseringstiltak og aktivitetar i lokalsamfunnet (t.d. nye møteplassar, arrangement, bygdefestar, folkemøte)
Deltaking i LivOGLyst-nettverket (t.d. reise, opphald, kurs)
Dette kan ikkje få tilskot
De kan ikkje søke tilskot til eit etablert prosjekt, som allereie ser for seg konkrete tiltak eller investeringar. Tilskotet kan heller ikkje gå til større, fysiske investeringar, som t.d. opprusting av samfunnshus, bygging av gapahukar eller badstover. Pengane skal gå til prosjektleiing, aktivitetar, reiseutgifter og små innkjøp.
For meir informasjon om LivOGLyst-programmet, samt krav og kriterium for å søkje, sjå nettsida til Vestland fylkeskommune. LivOGLyst for lokalsamfunnsutvikling - Vestland fylkeskommune