Velkomen til Undredal – midt i verdsarven

Velkomen til Undredal   –   midt i verdsarven

 Undredal er ei særprega og koseleg bygd midt på fjordstrekningen mellom Flåm og Gudvangen. Kun 10 minuttar køyring med bil frå Flåm. Husa tett i tett  som ein landsby.  Undredal er  i dag vidt kjend for stavkyrkja og for den kvite og brune Undredalsosten. At bygda har heilårsopen butikk med post gjer at du møter ei pulserande bygd med møteplassar og eit sosialt liv heile året. Før vegutløysinga i 1988, var innbyggjarane i Undredal meir isolerte og måtte dra sjøvegen om dei skulle ut av bygda i ærend. Undredal stavkyrkje er  bygt rundt 1147 og fyrste gong nemnd i eit kyrkjebrev frå omkring 1320. Undredal er i dag takka vere oppsvinget etter vegutløysinga eit aktivt og levande lokalsamfunn som søkjer å ta vare på kvalitetane som ligg i Verdsarvstatusen og utvikle ny næringsaktivitet.                                                                                                                                                                                                                                                               Opplev Undredal – Finn butikk, overnatting  og Undredalsost på www.visitundredal.no

Telefon +47 95137403.  E-post: info@visitundredal.no

http://www.visitundredal.no/wp-content/themes/green_avenue/images/header.jpg                                                                                                                                                                                                                                                            Undredal Stølsysteri  lagar kvit og brun Undredalsost  – les meir på    www.undredalsost.no

http://www.undredalsost.no/wp-content/themes/sustainable/images/logo_usy.gif                                                                                                                                                                                                                                                                                                                 

  Servicebygget Gjestestova - har romslige  toalett og  dusj  fasilitetar anten du kjem med bil, båt , til fots eller med kajakk. Gjestestova har 3 attraktive leilegheiter for utleige i andre etasje.

For booking klikk følgjande lenke: http://booking.alr.no/go/9C098D1/15/59/no

Eller ring tlf 0047 57633100 mob. 0047 95137403.

 

  Utsikt mot dalen     

 

Undredal Stavkyrkje-Undredal Guideservice. Undredal Stavkyrkje er open for omvisning for enkeltbesøkande og grupper frå 1 mai til 30 september. For meir informasjon om opningstider, pris, eller for å tinge omvisning kontakt Undredal Guideservice på post@undredal.no eller på tlf: 952 97 668. Lik oss på Facebook Undredal Guideservice.

   

 

Undredal Tredreieri -Edvin Flåm. I Smihola, fremst i bygda held Edvin Flåm til. I verkstaden sin skaper han dei vakraste arbeid av tre. Edvin tilbyr eit stort utval i turkoppar, skåler, krukker og andre produkt veleigna til gåver eller premier. Alt er handlaga av tre frå området.  Telefon +47 95278225. E-post edvin.flam@alb.no. Les meir klikk her

 

Underdølen er eit blad som kjem ut to gonger for året.

Du kan bli abbonent ved å sende ein e-post til post@undredal.no.

Pris for innanbygds abbonentar er kr.100,. Pris for utanbygds abbonentar kr.150,- Last ned eldre utgåver her:

underdolen-juli-2010-web Underdølen vinter 2010

underdolen-des-2010-web  

underdolen-jun-2011-web

underdolen-des-2011-web

2 Responses to “Velkomen til Undredal – midt i verdsarven”

  1. [...] befinner vi oss på Vestlandet, nærmere bestemt i Undredal. Stedet er kanskje mest kjent for sin [...]

  2. [...] Undredal Stave church, one of the oldest in the [...]