Oppsummering utviklingskonferansen 2022

Nærøyfjorden Verdsarvpark inviterte i samarbeid med Visit Sognefjord og Sogn Næringshage til dialogkonferanse tysdag 22. november kl. 08:30 –15:30 på Fretheim Hotel:

«Nærøyfjorden sin UNESCO verdsarvstatus som konkurransefortrinn mot 2030 –korleis bli eit av verdas best tilrettelagte, mest lønsame og mest miljøvenlege reisemål, lokalsamfunn og verdsarvområde?»

Målsettinga med konferansen var å spele opp til ein konstruktiv, framtidsretta prosess for utnytting av Nærøyfjordområdet sin verdsarvstatus som konkurransefortrinn, og synleggjere potensialet i statusen som ein drivande positiv faktor i framtidig besøks-, næring-og samfunnsutvikling.

Nokre sentrale diskusjonstema var grøn mobilitet, «riktige» målgrupper, marknader og reisestraumar, infrastruktur og tilrettelegging av fellesgoda, framtida for cruiseturismen i Nærøyfjorden, Sognefjorden og Vestlandet, og verdsarv-statusen som konkurransefortrinn: korleis vidareutvikle verdsarvkvalitet og innovasjon i produkta, opplevingane og lokalsamfunna?

Utviklingskonferansen skal vere første del av fleire møteplassar for langsiktig, berekraftig utvikling av verdsarv-området som reisemål og lokalsamfunn.

Denne rapporten oppsummerar konferansen og legg fram forslag til oppfølging –inklusiv forslag til kort kommunikasjons-og tiltaksplan –i tillegg til plan for oppfølging med påfølgjande fora og møteplassar for konkretisering av innovasjon og tilrettelegging i verdsarvområdet.

Her kan du lese rapporten: UTVIKLINGSKONFERANSEN 2022

Forrige
Forrige

Besøk hjå nysignert partnar!

Neste
Neste

Handlingsplan 2023