Besøk hjå nysignert partnar!

Marte og John ved eit av dei mange frukttrea som prydar området. Det er roleg på campingplassen i januar.

Det er hunden Pepsi som møter meg først denne dagen. Ho sit og betraktar meg, roleg, venleg. Så kjem ho bort, med logrande hale og ynskjer meg velkomen med forsiktig snusing og ein invitt til klapping.

Marte opnar døra før eg får ringt på. Ho smiler blidt, og me går for å finne John. -  Han er no her ein stad, seier ho. Etter ein liten runde på området, og litt bildetaking, går praten over ein kaffikopp på det lune kjøkenet deira.

Marte og John driv Flåm Camping og Hostel. Det har dei gjort i over 20 år no. – Det er eit arbeidsfelleskap, ei familiebedrift, seier dei.

- Me kunne ikkje gjort det utan mor og far, særleg i starten då me overtok, og når ungane var små, seier John.

– Det kjekkaste med å drive her? Det må vera folka! Og så sauene, og markblome-engane, og så landskapet, og….! Han ler godt sjølv. John er i overkant gild i staden han lever og arbeider i.

Begge er engasjerte og opptekne av å utvikle eit så godt tilbod som dei kan til besøkande. Dei prøver å ha delar av drifta heilårsåpent denne vinteren, og kan fortelja at dei har hatt gjester som kjem for å oppleva også denne årstida.

Flåm Camping og Hostel er nyaste partnar i Nærøyfjorden Verdsarvpark. Me ynskjer dei hjarteleg velkomne og ser fram til godt samarbeid.

Forrige
Forrige

Besøksbidrag

Neste
Neste

Oppsummering utviklingskonferansen 2022