Tilskot til tiltak - søknadsfrist 1.september



Tilskot til tiltak i verdsarvområde Vestnorsk Fjordlandskap - Nærøyfjorden - søknadsfrist 1.september

Me minner om at det er rett før fristen går ut, om du vil sende inn søknad til denne ordninga.

Søknad må sendast inn via Altinn. Du kan gå på Altinn og søke etter innhald: «verdensarv», eller nytta linken under for å gå direkte til innlogging for tenesta:

https://www.altinn.no/skjemaoversikt/landbruksdirektoratet/jordbrukets-satsing-i-verdensarvomradene/

Informasjon om verdsarvmidlane ligg og på landbrukskontoret si heimeside:

https://www.laerdal.kommune.no/verdsarvomraade.528599.no.html

Har du spørsmål, eller treng hjelp til å søkje, ta kontakt med dei.

Informasjon om tilskotsordninga tilskot til tiltak i verdsarvområde Vestnorsk Fjordlandskap - Nærøyfjorden

Informasjon til gardbrukarar og beitebrukarar i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap - Nærøyfjorden

Ny forvaltning

Frå 1.1.2020 har kommunane overteke forvaltning av verdsarvmidlane til landbruket i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Dette er heimla i forskrifta; «Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalde kulturlandskap i jordbruket og verdsarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap».

Det er Aurland kommune som har fått ansvar for forvaltning av ordninga i Nærøyfjordområdet, og Felles Landbrukskontor ÅLA utførar dette arbeidet i praksis. Det vert ikkje lagt opp til store endringar frå tidlegare år. Me vidarefører retningslinjer som Fylkesmannen har utarbeida tidlegare, med nokre justeringar. Retningslinjene finn du vedlagt.

Hovudformålet med ordninga er å; «styrke landbruket i verdsarvområdene». Dette vert lagt til grunn for kommunen sin forvaltning av ordninga. Søknad I 2020 har me fått tildelt kroner 4 millionar til ordninga, og i tillegg har me kroner 184.000 i restmidlar frå 2019.

Kommunen har sett opp fylgjande budsjett for bruk av midlane i 2020:

Årlege tiltak: kr 2.700.000

Andre tiltak: kr 1.100.000

Felles tiltak: kr 300.000

Søknadsskjema er i år elektronisk og er å finna på Altinn. Informasjon om dette finn du i vedlagd retningslinje for ordninga. Søknadsfristen i 2020 er fortløpande og seinast 1. september.

Retningslinjer for ordninga





Forrige
Forrige

Innspel til handlingsplan 2021

Neste
Neste

Ny leiar og nestleiar i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap