Innspel til handlingsplan 2021
I samband med utarbeiding av Handlingsplanen for 2021 vert De no invitert til å kome med innspel på satsingar, prosjekt, tiltak, aktivitetar/ arrangement mv. for gjennomføring komande år.
Parken sin arbeidsutval handsama og godkjende i møte den 22. september d.å. skisse for arbeidet med Handlingsplanen for 2021.
Nærøyfjorden Verdsarvpark sin årlege handlings- og tiltaksplan er som kjent eit resultat av ein prosess som involverer partnarane, stiftarane (kommunane og fylkeskommunen,) parken sitt arbeidsutval og styre samt tilsette i parkorganisasjonen.
Gjennom dette arbeidet konkretiserer parkorg./ parksamarbeidet prioriterte tiltak og handlingar i samsvar med dei langsiktige og overordna satsingsområda slik dei er omtalt i Parkplanen:
-SKAPE NÆRING OG KULTUR
- TA VARE PÅ NATURARV OG MILJØ
- TA VARE PÅ KULTURARV
Nytt vedlagt skjema ved innsending til anten: Nærøyfjorden Verdsarvpark, Helabrotet 2A, 5745 Aurland eller post@naroyfjorden.no
Skjema for innspel og retningsliner finn du og Her: http://www.naroyfjorden.no/styringsdokument/
Frist for innsending er sett til fredag 23. oktober 2020.
Utkast til handlingsplan vert etter dette sendt på ei kort høyring til partnarane/ stiftarane før vidare handsaming i Parken sitt arbeidsutval og endeleg godkjenning/vedtak i Parkstyret.
Sjå òg gjerne innom nettsida vår http://www.naroyfjorden.no/styringsdokument/ kor De finn nærare omtale av både Parkplanen og Handlingsplanen.
Ved evt. spørsmål ta gjerne kontakt med ein av oss i Parkorganisasjonen.
Parkmøte 2020
Parkmøte som var planlagt gjennomført april d.å. vart av kjende årsaker utsett.
Vi tek no sikte på slutten av oktober/ byrjinga av november som nytt tids.pkt.
Nærare info om både tid/ stad og innhald vert sendt ut om nokre dagar.
Har De innspel på tema så send og dette til post@naroyfjorden.no