Nærøyfjorden Verdsarvpark inviterar dykk med på ein tur til Bleia i Lærdal kommune, eit av dei mektigaste og mest eigenarta fjella langs Sognefjorden. Det er eit gamalt og geologisk aktivt fjellandskap forma av bre-isen, men som og har restar etter slettelandet før istidene. Turen frå Sluppen til Bleiaplatået ei stor naturoppleving, der du og får lære om dei fantastiske verdiane i det området som turen går gjennom: Bleia-Storebotnen landskapsvernområde og Bleia naturreservat, begge ein del av verdsarven Vestnorsk fjordlandskap. Bleiaplatået byr på fantastisk utsikt over fjella og fjordane rundt.