Årets SognaVERTkurs er fordelt på eit dagskurs og det same kurset fordelt over to kveldar. Kurset vert arrangert av Ressurssenteret ved SJH, i samarbeid med Nærøyfjorden Verdsarvpark og Visit Sognefjord. Påmelding skjer òg gjennom nettsida til Ressurssenteret, linken finn du her.
20. juni vert det andre kurskvelden arrangert med fokus på desse tema innan lokalkunnskap:
- "Ei reise i kultur og mat" Anna Avdem (Sogn Folkemuseum) og Gry Tokvam (SJH).
- Aktivitetar og opplevingar langs Sognefjorden, (Visit Sognefjord).
- Geologi, biologi og kulturlandskapet: Verdsarv- og Naturverdiane i Sogn. (Representantar for lokal naturforvaltning og Nærøyfjorden Verdsarvpark).
- Vegen vidare til sertifisert SognaVERT.
Kurset startar kl. 18.00 og varar til kl. 21.30, det vert arrangert i Skulehuset i Undredal, Aurland kommune