Stiftarar av og partnarar til Verdsarvparken.
Det årlege Parkmøte vert for 2018 gjennomført måndag den 29. oktober, kl.10.00 - 15.30. med Fretheim Hotel, Flåm, som møtestad.
Parkmøtet denne gongen vil i stor grad ha form av eit dialog - og drøftingsmøte mellom stiftarane/ styret, parkpartnarane og parkorg.
Parkorganisasjonen vil spele opp ein del tema til orientering og drøfting men vi vil i like stor grad utfordre alle parkpartnarane til å melde opp saker/ tema til møtet.
Kva tenkjer de om å vere partnar til Verdsarvparken, kva er de mest opptekne av no?
Ei slik tilbakemelding ynskjer vi oversendt på post@naroyfjorden.no innan fredag 19. oktober.
Set difor av dagen, meir info kjem etterkvart!