Tilbake til alle arrangementer

Fjorden sin dag

Indre Sogn Kystlag feirar kvart år Fjorden sin dag (sentralt kalla Kysten sin dag) helga nærast 9. juni. i 2016 vert dagen markert 18. juni. 

Indre Sogn Kystlag er ein organisasjon under Forbundet KYSTEN, som arbeidar for å ta vare på tradisjonar samt fremje kulturverdiane som ligg langs kysten og i fjordane våre. Me markerer Fjorden sin dag med tradisjonelle Sognebåtar og andre tradisjonsbåtar på fjorden, verdiskaping og aktivitetar for store og små i Indre Sogn.

Indre Sogn Kystlag har som målsetjing å verne om tradisjonell bruk av båtar, naust og kaianlegg i og omkring Sognefjorden.                         Bruk av robåtar er kjernen i kulturbasert friluftsliv ved fjorden og på kysten.

Fjorden sin dag i Aurland er eit samarbeidsprosjekt mellom Indre Sogn Kystlag, Barnas Turlag i Aurland, Aurland Turlag, Njord Kajakk og SNO (Statens Naturoppsyn).

Tidligere arrangement: 17. juni
Lærdalsmarknaden
Senere arrangement: 18. juni
Offisiell opning av nye Jordalsvegen