Stalheim
Gardane Stalheim, Brekke, Sivle og Sivlesøy i Voss kommune utgjer grenda Stalheim. Bygda kan sjåast som inngangsporten til Nærøydalen og området som vert femna av Verdsarv Nærøyfjorden. Namnet Stalheim kjem truleg av den bratte Stalheimskleiva, og tyder «garden ved Stadall» av verbet «standa, stå».
Jernaldergraver på Sivle
På garden Sivle kan vi fylgje busetnaden tilbake til eldre jernalder grunna arkeologiske funn. På bruksnummer 1 på garden vart det m.a. tidleg på 1900-talet grave i den såkalla «Kjempehaugen», som låg nordvest for garden mot elva. I haugen fann gravarane to graver. Den eine inneheldt ein beltestein, våpen, reiskap og hesteutstyr, som truleg kan tidfestast til fokevandringstid (om lag 400-600 e.Kr.). Beltesteinane vart som namnet seier båre i beltet. Dei vart nytta til å gjere opp eld ved at ein slo eit syl liknande jernreiskap mot steinen. Den andre grava som låg i haugen var truleg plyndra på eit tidlegare tidspunkt ettersom gravgodset var omrota. Innhaldet i grava tyder likevel på at personen her var ein mann som vart gravlagt i yngre jernalder. Grava frå folkevandringstida er det eldste funnet vi kjenner frå grenda så langt.
Diktaren Per Sivle
Den kjende diktaren Per Sivle vart fødd i 1857 i Flåm, og veks for det meste opp på Brekke, nabogarden til Sivle. Per sitt livsløp var prega av tragiske hendingar, som då mor hans døydde då han to og eit halvt år gamal. Ettersom faren var fehandlar og mykje på reisefot, vart Per sett vekk til slektningar. Då han var seks år kom han til Brekke der han fekk ein god oppvekst. Den tragiske lagnaden heldt fram med sjukdom, øydelagde augo, hovudverk, og tungsinn som gjekk ut over diktinga. Lyspunkt i livet var kona Wenche von der Lippe Nilsen frå Bergen, og dottera dei fekk i 1888. Berre 47 år gamal, den 6. september 1904, tok Per likevel sitt eige liv.
Diktinga hans er velkjend blant fleire generasjonar nordmenn, der dei mest kjende verka er songen, «Den fyrste song» og forteljinga «Berre ein hund». I dikta skildra han ofte dei svake i samfunnet og hendingar frå miljøet i grenda der han veks opp.
Drakehiet
Forteljinga «Berre ein hund» handlar om ein skotsk fårehund som forsøkte å berge den engelske eigaren sin, som slo seg ihel da han forsøkte å nå det såkalla «Drakehiet». Drakehiet er ei hole i fjellet på vegen til Jordalen langs foten av Jordalsnuten, som tidligare var heilt isolert. Vegen om Nåli var einaste farbare sommarveg, der det var sett opp ein wire som vern mot stupet nedanfor. Ifylgje segna husa hola ein drage med sju hovud, eitt for kvart av dalføra som er synlege frå toppen av fjellet.
Vegen mellom Voss og Nærøydalen
I heftet «Hotel Stalheim og Nærødalen», truleg skrive på byrjinga av 1900-talet, skildrar Professor Dr. Yngvar Nielsen vegen mellom Voss og Stalheim som ein geitesti: «Det var en af disse Veie, i Anledning af hvilke det oftere er sagt, at Gjeden maa ha været Norges første Veimester, ¿. Af den Grund søgte den Reisende ikkje saa gjerne hen til Veien over Voss og Stalheim naar de frå Bergen skulde reise til det østlige Norge.» Denne vegruta mellom Aust- og Vestlandet har vore ei særs viktig ferdsleåre tilbake til dei eldste tider, men vegen vart for fyrste gong regulert veg i samband med opprettinga av postruta mellom Oslo og Bergen i 1647. På ruta fekk enkelte gardar ansvar for framføring av post, og blant desse var bonden på Stalheim.
Stalheim hotell
Alt frå mellomalderen veit vi at Stalheim fungerte som skysstasjon og gjestgjevarstad. Den store trafikken langs postvegen, danna auka grunnlag for skysstasjonen. I 1885 flytta Johann Andersen hotelldrifta si frå Vossevangen til Stalheim. Allereie då hadde hotellet plass til 150 gjestar. Hotellet vart fort vidgjete i både inn- og utland for den gode standarden og den framifrå utsikta. Blant dei berømte gjestane i pionerfasen finn vi Keiser Wilhelm II. Eitt av utsiktspunkta ved hotellet, Wilhelmshøi, ber namn etter keisaren. Det er her reist ein minnestein med innskrifta "Til Minde om Keiser Wilhelm II besøg på Stalheim" Dagens hotell er det fjerde i rekka av hotell på Stalheim.
Turtilbod i grenda
Ein fin tur frå Stalheim går til husmannsplassen Nåli, som høyrer under garden Sivle. Plassen ligg på ei «fjellhylle» langs den gamle ferdslevegen mellom Stalheim og Jordalen. Turen til Nåli frå Stalheim tek ca. 1 time, i dramatisk og storslått landskap. Turvegen er sikra og utbetra og er eit spanande besøksobjekt både for ålmenta og turistar. Det er òg mogleg å gå den gamle kongevegen som var ferdsleveg til Stalheim før køyrevegen Staheimkleiva vart bygd i tida mellom 1844-1849. Turen inn til fossen tek ca. eit kvarter og egnar seg både for unge og gamle. I tillegg er vegen tilrettelagt for rullestolbrukarar.