Dialogkonferanse: Fjordturisme
Nærøyfjorden Verdsarvpark prosjekt Levande Fjord inviterte i oktober 2015 til open dialogkonferanse med tema Fjordturisme.
UNESCO sin intensjon med Verdsarvlista er å nytte den auka attraksjonskrafta statusen fører med seg til å utvikle næring som bidreg til å styrke verdsarvkvalitetane og forvaltinga av desse.
Me har som nasjon, region og lokalsamfunn teke på oss eit ansvar for å forvalta verdsarvstausen for Vestnorsk Fjordlandskap innanfor denne ramma.
Aktørar som i si verksemd tek gjennomgripande ansvar for fjordmiljøet bør på ein eigna måte ha fortrinn med omsyn til å assosiere seg med verdsarvstatusen.
Denne første dialogkonferansen vil konsentrere seg om cruise. Seinare konferansar vil ta føre seg dei andre formene for fjordturisme.
Føremål: å skape ein arena for dialog mellom ulike partar som vil samhandle om å forstå nosituasjonen og avdekke utfordringar og finne dei framtidsrettaløysningane for ein berekraftig fjord.
Rapporten frå Dialogkonferans om fjordturisme finn de her.