Rimstigen
Dette er starten på den lange kløvvegen frå Bakka over til Breidalen på andre sida av fjellet. Denne vart brukt til å flytte dyr og kløv til stølane før i tida. I dag er det stortsett den bratte første delen av stien opp til Rimstigen som er i bruk.
Etter 2,7 kilometer og 725 høgdemeter opp frå Nærøyfjorden kjem ein til eit av dei mest populære turmåla og utsiktspunkta i området. Der kan ein nyte utsikta utover Nærøyfjorden.
Stien startar frå bilvegen mellom Bakka og Tufto ved Nærøyfjorden. Stien svingar seg bratt oppover fjellsida under Bakkanosi og Rimstigfjellet. Du får kjapt god utsikt over fjorden på vegen opp. Siste høgdemeterane før Rimstigen er stien oppmurt og med steintrapp. Her er det ein fordel å halde seg på beina.
På vinter og tidleg vår er området svært rasutsatt, noko ein ofte kan sjå spor etter langt utover vår- og sommarsesongen.
OBS: Ved stor vassføring kan fossesprøyten drive inn på stien og ein kan risikere å bli våt.
God tur i verdsarven! Me vonar du vil nyte eit av dei vakraste fjordområda i verda, og hjelpe oss med å ivareta naturen her. Sjå punkta under
Sporlaus ferdsel
Rydd opp etter deg og ta med alt avfall, inkludert eingongsgrill og våtserviettar.
I utmark kan du telte så lenge du er minst 150 meter frå næraste hus eller hytte. Opne enger i låglandet er ofte innmark. Der kan du berre telte etter avtale med grunneigar. Bruk anbefalte teltplassar.
Å tenne bål i skog og utmark er forbode frå 15. april til 15. september, bortsett frå på stadar som i vasskanten, der brannfaren er minimal. Bruk etablerte bålplassar og unngå å fyre opp rett på svaberg slik at berget sprekk. Sløkk bålet og rydd etter deg før du går.
Vis omsyn til beitedyr og ville dyr. Hald hunden i band og lukk grindane. Villrein er ekstra sårbar på ettervinter og vår.
Der det ikkje finst toalett, grav eit hol minst 30 m frå sti, bygg eller vasskjelde. Dopapir og våtserviettar er søppel som skal kastast i søppeldunken.
Følg etablerte stiar – så slepp villrein og andre sky dyr å møte folk overalt. Unngå å kutte svingar, eller å trakke opp nye spor.
Uroa ikkje dyre- og fugleliv. Observer dyr og fuglar på avstand, bruk gjerne kikkert.
Vardar er vegvisarar som hjelper deg å følgje ruta. Bygg ikkje nye vardar, då dette kan føre folk på villspor. Fjern ikkje stein frå gamle vardar. Dei er kulturminne.