E-CO Rimstigen Opp 2019 - informasjon
Ein fantastisk opptur frå Bakka i Nærøyfjorden til Rimstigen 725 m.o.h.
I 2019 vert E-CO-Rimstigen opp arrangert laurdag 27. juli.
Det vert truleg lagt til rette for parkering på Bakka, men følg med på informasjon på Facebooksida til arrangementet om dette.
Start: Turklassen kl. 10.00 – 11.30. Konkurranse kl. 12.30.
(Kl. 13-14 år kl. 12.20).
Startkontingent, konkurranse: kr. 250,- for dei med lisens og kr 280,- for dei som skal ha eingongslisens.
Startkontingent, turklasse: kr. 100,-
Betalast til konto nr.: 3745 30 41108 ved påmelding. Ta med kvittering.
Påmeldingsfrist: 26.07. i konkurranseklassen. Turklassen fram til start.
Løype: Bakka – Rimstigen. Høgdeskilnad 725 m. Lengd 2,75 km.
Klassedeling konkurranse: 13-14 år, 15-17 år, 18 – 22 år, 23 – 35 år, 35 – 39 år osv.
Ikkje garderobar, men toalett. Me anbefalar difor eit forfriskande bad i fjorden etter løpet.
Sal av varm og kald mat. Gratis Powerade til alle deltakarane.
Premiering: Pengepremie til tre beste kvinner og menn pluss bonus for løyperekord. Deltakarpremie til alle, klassevinnarpremiar og premiar på loddtrekning.
Løyperekord herrar: 24.43 (Thorbjørn T. Ludvigsen).
Løyperekord damer: 29.20 (May Britt Buer).
Klasse 13-14 år har start 10 minuttar føre resten av konkurransefeltet. Dette for at me skal halda oss til NFIF sine reglar for løp i aldersbestemte klassar.
Link til påmelding finn du her.
Link til side på Facebook: https://www.facebook.com/RimstigenOpp?fref=ts
Om du har spørsmål kan du ta kontakt med:
Olav Terum, mob: 994 14 496, e-post: olavterum@gmail.com