Aurlandsmarsjen

Den tradisjonelle marsjen gjennom den unike Aurlandsdalen frå Østerbø (820 moh) til Vassbygdi (83 moh).

 

Påmelding: På Østerbø mellom kl 08.30-10.30

Startkontingent: Vaksne kr 100,-   Born gratis

Turløype:

Østerbø-Sinjarheim-Vassbygdi er om lag 19 km, og turen tek 6-7 timar. Stien er god, og middels lett å gå.

 

På Sinjarheim er det naturleg å ta ein matpause, her har òg Venner av Aurlandsdalen eit eige program med sal av mat og drikke på Sinjarheim, kanskje vert det underhaldning eller konsert. 

Transport: Ekstra bussar vert sett opp frå Vassbygdi om morgonen i tillegg til ordinær rutebuss.

Innkomst: Vassbygdi

 

Det vert delt ut diplom til alle marsjdeltakarar, og premie for gjennomførte 5,10,15, 20 og 25 gonger.

 

Meir info vert å finne etter kvart på heimesida til Aurland kommune. Her vert òg rutetidene for rutebussen lagt inn når dei er klare.

Informasjon:

Aurland kommune 57 63 29 00 og Vassbygdi Servicebygg 95 98 46 18

 

Arrangørar:

Aurland kommune, Aurland Røde Kors og Venner av Aurlandsdalen.

 

 

 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Aurland turlag turprogram

Neste
Neste

Kongevegsmarsjen