Verdsarvmidlar 2022

Gode nyhende er kjekt å dele! No er tildelinga verdsarvmidlane klar - og me heiar på dei som kvar dag arbeider for levande bygder og kulturlandskap.

Aurland kommune har frå 1.1.2020 overteke forvaltning av verdsarvmidlane for verdsarvområde Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjordområde.
 

Ordninga skal forvaltast i tråd med Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap.


Formålet med tilskotsordninga er å styrka landbruket i verdsarvområda. Saman med reglar for tildeling av tilskot, er dette lagt til grunn for kommunen sin tildeling av midlar. Nytt for i år, er ny Tiltaksplan Vestnorsk Fjordlandskap – kulturlandskapet. Denne planen er godkjend av Stranda kommune og Aurland kommune. I dette dokumentet kjem det mellom anna fram midlar til årleg drift er auka. 

I 2022 har me fått inn mange gode søknadar, og det er løyvd midlar til mange gode tiltak som styrkar landbruket i verdsarvområde. Samla løyving i 2022 er 5.563.903. Inkludert i denne summen er kr 500.000 i overføring av ubrukte midlar frå Geirangerområde. Det er etablert eit godt samarbeid mellom Stranda kommune og Aurland kommune for å utnytte verdsarvmidlane til beste for landbruket i dei to område.

Tilskotsordniga som er etablert for å styrka landbruket i Vestnorsk Fjordlandskap er svært viktig for å ha eit aktivt landbruk her. Det er svært positivt at nasjonale myndigheiter prioriterer midlar til landbruket i verdsarvområde. Likevel ser me at det er behov for auka ramme for å støtte planlagde investeringar i tillegg til å støtte årleg drift.
 
Bøndene i Nærøyfjordområde legg ned ein god og viktig innsats for å ta vare på landbruket i verdsarvområde og for produksjon av mat. All honnør til dei!

He er lista over tildelte midlar:

Verdsarvmidlar 2022

Forrige
Forrige

Julehelsing

Neste
Neste

Venner av Aurlandsdalen får Riksantikvaren sin kulturminnepris 2022!