Frist for å søka på midlar for UNESCO-føremål
Frista for å søka midlar for UNESCO-føremål hjå den norske UNESCO-kommisjonen er 1. februar 2016.
Desse kan søke: Frivillige organisasjonar, instituasjonar innan forsking eller utdanning, andre ikkje-kommersielle aktørar. Søkarar skal òg vera registrert i Brønnøysundregisteret.
Ein kan søka midlar til arbeid som fremmar UNESCO-relaterte spørsmål.
Satsingsområda for 2016:
- Fressefridom/Ytringsfridom
- Berekraftig utvikling
- Immatriell kulturarv
- Verdsarven
- Demokratiutvikling
Sjå den norske UNESCO-kommisjonen si heimeside for meir informasjon om dei ulike satsingsområda for 2016. Der vil du òg finna elektronisk søknadsskjema.