Tilskot til verdsarven i 2025
Bakka, Nærøyfjorden.
Verdsarvlista består av natur- og kulturarv med framifrå, universell verdi.
– Noreg har eit stort og viktig ansvar for å sikra verdsarven vår for ettertida. Kvar dag bidreg folk i verdsarvområda til å ta vare på desse verdiane for kommande generasjonar, seier riksantikvar Hanna Geiran i pressemeldinga.
Tilskota som dei 8 verdsarvområda får tildelt gjer at områda kan bli ivaretekne. Det er mykje godt arbeid som kvar dag blir gjort i desse områda, og det er avgjerande med støtte for å kunne halde fram dette arbeidet.
Tett samarbeid og god kontakt med fylkeskommunar og verdsarvstader er også heilt sentralt når Riksantikvaren følgjer opp forpliktingane for gjennomføringa av verdsarvkonvensjonen i Noreg.
Vestnorsk Fjordlandskap, delområde Nærøyfjorden får kr 4,5 millionar frå ein samla pott på 56,8 millionar kroner.