Til Verdsarvparken sine partnarar, stiftarar og andre samarbeidspartar
Verdsarvparken sin årlege handlings- og tiltaksplan er eit resultat av ein prosess som involverer partnarane, stiftarane (kommunane og fylkeskommunen) parken sitt arbeidsutval og styre samt tilsette i parkorganisasjonen.
Gjennom dette arbeidet konkretiserer parkorg./ parksamarbeidetprioriterte tiltak og handlingar i samsvar med dei langsiktige og overordna satsingsområda slik dei er omtalt i Parkplanen:
-SKAPE NÆRING OG KULTUR.
- TA VARE PÅ NATURARV OG MILJØ.
- TA VARE PÅ KULTURARV.
I samband med utarbeiding av Handlingsplanen for 2017 ber vi no om innspel på satsingar, prosjekt, tiltak, aktivitetar/ arrangement mv. for gjennomføring komande år.
Nytt vedlagt skjema ved innsending til anten: Nærøyfjorden Verdsarvpark, Helabrotet 2A, 5745 Aurland eller post@naroyfjorden.no
Her finn du skjema og retningslinger:
Frist for innsending er sett til fredag 2. desember 2016.
Utkast til handlingsplan vert vidare lagt fram for arbeidsutvalet til drøfting/ uttale den 15. desember. Endeleg handsaming i Parkstyret den 6. januar 2017. Ved evt. spørsmål ta gjerne kontakt med ein av oss i Parkorganisasjonen.
Sjå òg gjerne innom heimesidene våre: http://www.naroyfjorden.no/styringsdokument/ kor de og finn nærare omtale av både Parkplanen og Handlingsplanen.