Status for fellesgodefinansieringsprosjektet

Foro: Bengt Erlend Skjerdal

Status for fellesgodefinansieringsprosjektet

Etter ein grundig vurdering av mange alternative løysingar som skal kunne nyttast til både besøksbidrag og dynamisk besøksstyring går prosjektet no vidare med konkretisering av modellar med bruk av skiltlesningsteknologi for vegpassering og parkering, kombinert med betaling frå transportalternativa som t.d. cruise, båt, buss og tog, for dynamisk betaling inn til avgrensa, geografiske pressområde knytt til natur- og kulturområde som t.d. verdsarvområda, nasjonalparkar, kulturvernområde, nasjonale turiststiar o.l. med utgangspunkt i innføring av «Svalbardmodellen» på fastlandet: 

  • Skal ikkje vere ein skatt eller avgift for næringaeller innbyggarar, men eit direkte bidrag frå tilreisande til å ta vare på og legge til rette for besøk i område som opplev høgt press.

  • Skal bidra til miljø og berekraft, aktivt natur- og kulturvern og dei beste opplevingane for tilreisande og lokalbefolkninga: «det beste for miljøet, lokalsamfunnet og den besøkende» og «ein god stad å bu, ein god stad å besøke»

Ei slik ordning krev nasjonal forankring, men med lokal forvaltning. Tilnærming til «Svalbardmodellen» på fastlandet er kopla til at enkelte områder på fastlandet har særskilte utfordringar med tilreisande. For slike områder kan eit besøksbidrag vere nyttig for å regulere trafikk inn i området og for å skaffe midlar som kan nyttast til å utvikle området til det beste for besøkande og fastbuande. Besøksbidraget bør gjelde alle som kjem inn i området på annan måte enn til fots og på sykkel, og det kan gjerast unntak for fastbuande og avgiftsnivået kan differensierast etter tidspunkt på døgnet og tidspunkt på året. Sjå rapportane Notat om muligheter for gjennomføring av "Svalbardmodellen" og miljøgebyr på fastlandet (Advokatfirmaet Selmer AS, 9. juli 2020)ogProsjekt fellesgodefinansiering – oppsummering(Advokatfirmaet Selmer AS, notat, 12. oktober 2020) for meir inngåande informasjon om moglegheiten for etablering av «Svalbardmodellen» på fastlandet.

Prosjektet jobbar no vidare med tre strategiske løp der me ynskjer å informere og involvere NHO reiseliv, Virke, Norsk reiseliv, reisemål, kommunar, fylkeskommunar m.fl. breitt nasjonalt, og sjå på moglegheiten for pilottesting i andre aktuelle utsette natur- og kulturområde utanfor verdsarvområda: 

  • 1) Utarbeide utkast til innhald i pilottestinga (inklusiv lovtekstar, forskrifter, forvaltning og argumentasjon)

  • 2) Forankre utkastet med NFD og KLD for vidare utarbeiding og fremjing av forslag for Stortinget, og implementere av arbeidet i ny, nasjonal reiselivsstrategi (Innovasjon Norge/Regjeringa)

  • 3) Presentere utkastet for regjeringspartia og dei andre partia på Stortinget

Målsettinga er å få pilottesting på utvalde stader frå 2021/2022. Pilottestinga vil kunne vare i 3-4 år, med tre steg for utvikling, utprøving og etablering av endeleg modell for fellesgodefinansiering: 

  • 1) Modell: utarbeide forslag til modell for pilottesting

  • 2) Testing: pilottesting for utprøving i verdsarvområde og utvalde pressområde

  • 3) Evaluering: evaluere, tilpasse og etablere nasjonal modell

Steg 2) Pilottesting krev finansiering og organisering av utviklingsarbeid og parallelt FoU-prosjekt for testing, evaluering og modellering. Departementa og Stortinget må vurdere om ein eventuelt ynskjer ein NOU for fellesgodefinansiering parallelt med pilottestinga.

Prosjektet har gjennomført FoU-prosjekt finansiert av Regionalt forskingsfond på Vestlandet med avklaring av:

  • AP1 Lokale føresetnader for fellesgodefinansiering (intervju med aktørar rundt Nærøyfjorden verdsarvpark og Geiranger verdsarvområde)

  • AP2 Spesifisering av forvaltningsmodellar og lovverk (samarbeid med Advokatfirmaet Selmer AS)

  • AP3 Avklaring av teknologiske løysingar (bruk av mobilteknologi, skiltgjenkjenning og satelittbasert teknologi).

Det er utarbeida følgjande nye rapportar i prosjektet i 2020 (sjå alle rapportane i prosjektet her):

  • Rettslige problemstillinger knyttet til mulige teknologiske løsninger for fellesgodefinansiering (Advokatfirmaet Selmer AS, rapport 169365-502, 29. mai 2020)

  • Teknologiar til fellesgodefinansiering (Vestlandsforsking, rapport 4/2020, 29. juni 2020):

  • Notat om muligheter for gjennomføring av "Svalbardmodellen" og miljøgebyr på fastlandet (Advokatfirmaet Selmer AS, 9. juli 2020)

  • Lokale føresetnader for fellesgodefinansiering i verdsarvområda Geirangerfjorden og Nærøyfjorden (Vestlandsforsking, Vestlandsforsking-notat nr. 5/2020, 28. september 2020)

  • Prosjekt fellesgodefinansiering – oppsummering (Advokatfirmaet Selmer AS, notat, 12. oktober 2020)

Prosjektet har målsetting om utvikling av modellar med nasjonal relevans og overføringsverdi, der nasjonal tilslutting og støtte til pilottesting er viktig for at reiselivet kan stå samla bak utvikling av framtidige modellar for besøksbidrag og besøksstyring. 

Prosjektdeltakarane er:

 Vestland fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Verdsarvrådet for Vestnorsk Fjordlandskap, Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, Nærøyfjorden Verdsarvpark, Sogn regionråd, Stranda kommune, Norddal kommune, Visit Sognefjord AS og Geiranger utvikling, men me oppmoder alle reisemål, kommunar, fylkeskommunar og organisasjonar til å engasjere dykk i- og støtte opp om prosjektet.

Les rapport her

Forrige
Forrige

Høyring sti- og løypeplan

Neste
Neste

UNESCO Verdsarvsenter - forprosjektrapport