Frist for søknader til Aurland Naturfond er 1. mars 2016!
Nærøyfjorden Verdsarvpark forvaltar Aurland Naturfond som vart etablert i samband med omorganiseringa av Aurland Naturverkstad frå BA-selskap til AS der BA-selskapet vart avvikla. BA-selskapet sine verdiar vart lagt inn i Aurland Naturfond.
Fondet har til føremål å gje personar i Aurland høve til erfarings –og kompetanseutvikling innan naturbruk og tilrettelegging for landskapsoppleving, småskala foredling og produktutvikling, natur- og landskapsformidling. Fondet skal i utgangspunktet fordelast gjennom årlege søknadar/ ubetalingar over ein periode på 20 år; noko som pt. tilsvarar om lag kr. 26 500,- pr. år.
I 2015 mottok fondsstyret 6 søknader kor 3 søkjarar fekk tilsegn om midlar.
Ein av dei som søkte, og fekk midlar, var Grethe Vikesland. Ho nytta midlane til kompetanseutvikling gjennom deltaking på Kurs i Lokalforedling og omsetning av mjølk i regi av Ressurssenteret på Sogn Jord- og Hagebruksskule
Personar med bustadadresse i Aurland kommune kan søkje om midlar frå fondet. Midlane kan nyttast til ma. kurs, studiereiser, eller opphald i samband med opplæring. Omsøkt aktivitet eller tiltak skal inngå i ein plan for etablering eller vidareutvikling av eiga bedrift/ næring.
Det vert ikkje stilt krav om særskild eigendel.
Det kan og søkjast midlar til nettverksbygging, gjennomføring av seminar og liknande arrangement som vert halde i Aurland kommune og som er berekna på kompetanseutvikling i natur- og kulturbaserte næringar.
Søkjarar som får tilsegn om midlar pliktar å levere rapport frå aktiviteten/ tiltaket innan 3 månader etter at det er avslutta.
Verdsarvparken sitt arbeidsutval er fondsstyre for Aurland Naturfond.
Vedtekter for fondet finn Kan de lasta ned her.
Nærare informasjon ordninga få De ved å ta kontakt med dagleg leiar på tlf. 95 17 25 95 eller e-post erling@naroyfjorden.no
Søknad vert å sende innan 1. mars 2016 til Nærøyfjorden Verdsarvpark, Helabrotet 2A, 5745 Aurland eller pr. e-post til post@naroyfjorden.no