Søknadsfrist - Regionalt miljøprogram 2019


Foto: Fylkesmannen

 Regionalt miljøprogram er eit strategiprogram for kulturlandskap, biologisk mangfald, klima og ureining knytt til jordbruket. Programmet, inkludert tilskotsordningane, er fastsett av Fylkesmannen i samråd med Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget.

Dei regionale miljøtilskota er til liks med produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til jordbruksføretak i drift som oppfyller visse vilkår. Alle føretak som kan søke produksjonstilskot i jordbruket, som har landbruksdrift i Hordaland eller Sogn og Fjordane og som oppfyller vilkåra som vert stilte i dei ulike tilskotsordningane, kan søke om regionale miljøtilskot.

Siste frist for å søkje er 15.10.2019

Informasjon om ordninga finn du her: https://www.fylkesmannen.no/vl/rmp

Nytt regionalt miljøprogram for Hordaland og Sogn og Fjordane

Som ein del av miljøprogrammet kan bønder søkje tilskot til hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, å ta vare på biologisk mangfald og kulturminne, og å redusere ureining. Oversikt over dei ulike tilskota i miljøprogrammet finn du her.

Ta kontakt med landbrukskontoret om du har spørsmål, eller treng hjelp til å søkja.


Forrige
Forrige

Pressemelding - besøksstrategi

Neste
Neste

Sister Park Agreement