Ryddedagar 2020

Sidan kvardagen vår ikkje er som vanleg vart denne våren også litt annleis for ryddedagar i Verdsarvparken. Me kunne ikkje ha ein felles dag, med mange samla og frakta rundt i området, men sidan me er så heldige å ha gode hjelparar, blir det rydda i år også.

Godt samarbeid med skulane er viktig for oss, og dei har kvart år vore engasjerte og flinke til å vere med oss. I år sende me ut oppdraget i form av ei oppgåve som lærarar og elevar kunne ta i bruk. Me bad også om at dei sende oss bilete og no har me fått inn dei første meldingane.

2.trinn på ABU

Her ser de bilete frå 19. mai og som viser 4 av elevane i 2.klasse på ABU som ryddar langs vegen til Sogneporten på veg til Turbakken, uteplassen vår i desse tider.

7.trinn på ABU

Lærar Torill fortel at dei har hatt tema: Forbruk og forureining. Klassen fekk oppgåva å rydde i nærområdet der dei bur. Elevane har sendt desse bileta som fortel om resultatet av ryddinga.

Tusen takk for innsatsen 7.trinn!