Parkmøte 2025
Verdsarvparken sin faste årlege møteplass finn i år stad i Undredal onsdag 23.april kl 13.15 -18.30! Me ynskjer alle våre partnarar, samarbeidsaktørar og andre med særskild interesse for Verdsarvparken til å melde seg på parkmøtet for informasjon, inspirasjon, nettverksbygging og ikkje minst fagleg påfyll og god bevertning frå Undredal Bryggje!
Program:
12.30 - 13.15 Oppmøte, mat & prat
13.15 - 14.45 Opning v/ styreleiar
• Statusoppdatering parkorganisasjonen v / dagleg leiar
• Presentasjon av utvalde prosjekt v/ tilsette
• styreval
14.45 - 15.00 Beinstrekk
15.00 - 16.00 «Eit reiseliv for framtida» føredrag v/ Arve Tokvam Norway’s best, påfølg . dialog/diskusjon
16.00 - 16.45 Middag
16.45 - 18.00 «Nærøyfjorden Verdsarvpark ein av dei første norske regionalparkane! Men kva er eigentleg ein regionalpark og kvifor vert dei oppretta? Kvifor vart Nærøyfjorden Verdsarvpark oppretta?» føredrag v/ Kristian Bjørnestad frå Norske Parker
-- Open debatt rundt geografisk avgrensing av Verdsarvparken.
18.00 - 18.15 Oppsummering
Praktisk informasjon:
Transport og parkering:
• Bil - fleire offentlege parkeringsplassar
• Buss og båt - det blir lagt til rette for felles busstransport frå Aurland 11.45 og Flåm kl. 12.05, med retur fjordvegen med båten Future of the fjords.
Pris: Møtet er gratis, men ei avgift for evt. buss og båttransport kan påløpe.
Påmelding innan 13. april til: Gro Nesse Bremer e post: gro@naroyfjorden.no tlf. 95795911
NB: Det må opplysast om evt. diettomsyn og ynskje om billett for fellestransport ved påmelding!
Hjarteleg velkomne til Parkmøte!