Ombruksseminaret

Verdsarven viste seg frå si beste side måndag 5.juni, dagen me hadde vald for ombruksseminaret om gamle hus på landbrukseigedomar.

Til saman 33 personar var samla på Sivle Gard i Voss herad for å høyre nyttige og inspirerande føredrag om temaet, knyte nye kontaktar, få oppleve Sivle Gard og smake den gode maten til vertskapet. Dagen blei avslutta med utflukt til Gudvangen Gard og Camping for å sjå på løeprosjektet der og høyre om eigar, Lene Hagen, sine erfaringar med istandsetjinga og moglegheitene for ny bruk.

Takk til alle som var med og gjorde denne dagen så fin – vertskapa, deltakarar, føredragshaldarar og arrangørar!

Ombruksseminaret blei gjennomført som eit samarbeid mellom Nærøyfjorden Verdsarvpark og Landbrukskontoret ÅLA, og med økonomisk støtte frå Vestland fylke (Tilskot til kulturminne på Verdsarvlista).

Forrige
Forrige

Revisjon av parkplanen

Neste
Neste

Den europeiske parkdagen!