Ny dagleg leiar og verdsarvkoordinator

Gry Beate Mørk har arbeidd i Verdsarvparken sidan 2008. Ho har dermed vore med sidan starten. No overtek ho etter Erling Oppheim som dagleg leiar og verdsarvkoordinator.

"Eg er takksam for tilliten eg har fått av styret til å gå inn som verdsarvkoordinator og dagleg leiar for Nærøyfjorden Verdsarvpark ein periode framover. Verdsarvparken speler ei svært viktig rolle i dei fire verdsarvkommunane for ivaretaking av dei heilt unike verdiane me har her. Ressursane som blir lagt ned i i arbeidet med brei og berekraftig verdiskaping knytt til verdsarvverdiane gjennom verdsarvstiftinga og våre mange samarbeidspartnarar er av uvurderleg betydning.

På få månader har me imidlertid gått frå å vere 5 til 3 faste tilsette. I lys av dette ser eg det som mi fremste oppgåve å bidra til å sikre verdsarvstiftinga, som sentralt verktøy i arbeidet for verdsarven - dvs. for landskapet si forming gjennom sine naturlege prosessar og sin ubeskrivelege venleik, mangfaldet av artar i flora og fauna, kulturlandskapet med sitt vell av spor etter menneska frå nær og fjern fortid, og sist, men ikkje minst, dei levande bygdene og grendene våre!

Den krevjande situasjonen som verdsarvstiftinga står i no, gjer det imidlertid naudsynt å ta nokre steg tilbake. Me kan ikkje berre "produsere og levere", men må sjå nærare på både organisering, finansiering, korleis, kva og kor mykje me jobbar med. Heilt konkret må elles den reviderte strategiplanen - Parkplanen - landast. Det vil og i 2025 bli lagt særleg vekt på å styrke informasjon og formidling. I tillegg arbeid med berekraft og besøksstyring, skjøtsel, stiar og skilting, og næringsretta verdiskaping, ha prioritet. Og så er det 20 år sidan Vestnorsk fjordlandskap fekk verdsarvstatus! Det skal markerast på ulike måtar - noko me oppmodar alle andre i Aurland, Lærdal, Vik og Voss til å gjere, aleine eller i lag med andre!"


Neste
Neste

God jul og godt nytt år