Mangesyslaren - Lærdal kommune

Det var spente born og vaksne som møtte opp på Gamle Lærdalsøyri ein tidleg morgon i september! Dei skulle vere med Gry og Gro frå Nærøyfjorden Verdsarvpark ein heil dag på opplegget “Mangesyslaren”.

I samband med Kulturminnedagane har Nærøyfjorden Verdsarvpark utvikla eit opplegg for 3-4.trinn der fokus er ombruk, å kunne reparere, å vere nevenyttig, og å kunne utnytte ressursane våre. I godt samarbeid med partnarar og skulane i Lærdal kommune får elevane lære om historie, byggeteknikk, bruk av trevirke til å lage stoppesoppar, om ull og korleis den blir foredla til garn. Og så får dei prøve å stoppe eit hol med stoppesopp og garn.

Basen for desse to dagane var Gamlebanken, som me fekk låne av Fortidsminneforeninga.

Elevane starta med ein rundtur på Gamleøyri, der me fortalde om byggeteknikk, om utvikling av sentrum og om livet til dei som budde der for lenge sidan.

Oppe i andre etasje i Gamlebanken venta innføring i bruk av tremateriale og forelding av ull til garn.. Elevane fekk kvar sin stoppesopp som Edvin Flåm frå Undredal hadde laga, og som dei no skulle pusse ferdig før dei kunne ta den i bruk.

Det er hardt arbeid å pusse, men før dei kunne setje seg til bords, måtte det lagast smør! Dette fekk nok opp apetitten endå meir, for grauten fekk føter å gå på - sjølvlaga smørauga var stas!

Etter at grautpanna var tømt, var det tid for å prøve seg med stoppesopp og nål. Full konsentrasjon, og jammen gjekk det an å reparere slitne strikkasokkar!

Etter kvart som elevane sa seg ferdige med nål og garn, fekk dei oppgåver å løyse - ein repetisjon av litt dei hadde vore med på denne dagen.

Til slutt var det høgtlesing, og elevane såg ut til å nyte ei roleg avslutning på ein innhaldsrik arbeidsdag.

Tusen takk til store og små frå Lærdalsøyri barne- og ungdomsskule og Borgund skule!

Forrige
Forrige

Mangesyslaren - Voss Herad

Neste
Neste

Kulturhistorisk vandring på Bakka 3.september 2023