Kulturlandskapspris til verdsarvbøndene i Undredal

– Verdsarvsbøndene i Undredal er førebilete for andre i arbeidet med levande kulturlandskap og ved å ta vare på biologisk mangfald, tradisjonar og verdiskaping. Her inne i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap, delområde Nærøyfjorden tilbyr dei noko av det som er mest representativt for Vestland, og Noreg, si kulturhistorie, sa fylkesordførar Jon Askeland.

Med seg hadde han ein gåvesjekk på 30 000 kroner, blomar og diplom.  

På brattlente og arbeidskrevjande småteigar driv verdsarvsbøndene i Undredal aktivt landbruk med innovasjon og nytenking. Den landskapstilpassa drifta gjer at artsrike slåttemarker, beitemark, stølar, kulturminne og tradisjonar knytt til jordbrukslandskapet vert teke vare på. 

Verdsarvsbøndene i Undredal kjem frå seks ulike gardsbruk som vert drivne av Maria og Bernat Alarcon Underdal, Atle og Anna Elise Borlaug, Trude og Tormod Underdal, Erna Underdal Skarsbø, Nils Hjellum og Jannicke Hjellum. Dei arbeider med eit stort spekter av oppgåver - både grovforproduksjon, geitemjølk, ysting, storfe, kjøtproduksjon og grønsaksproduksjon for lokal levering.  

Før utdelinga av prisen 22. august fekk dei frammøtte oppleve ei vandring mellom bruka i Undredal, der gardbrukarane fortalte om drifta, og matservering på Undredal ungdomshus. 

Klima- og miljøprisen for landbruket i Vestland og Kulturlandskapsprisen i Vestland er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og Statsforvaltaren i Vestland. Prisane skal gje auka merksemd rundt gode klima- og miljøvennlege tiltak i landbruket, i tillegg til auka merksemd rundt kulturlandskap og -verdiar. Dei to prisane er etablerte av fylkestinget.  

Slik har juryen vore sett saman i 2023: 

  • Bonde- og Småbrukarlaga i Hordaland og Sogn og Fjordane v/ Anders Lundevold 

  • Seksjon for kulturarv, Vestland fylkeskommune v/Tore Slinning  

  • Seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv, Vestland fylkeskommune v/ Kjersti Sognnes 

  • Miljøavdelinga, Statsforvaltaren i Vestland v/Solveig Roald    

  • Landbruksavdelinga, Statsforvaltaren i Vestland, v/ Øyvind Vatshelle       

  • Vestland Bondelag v/ Andreas Wollnick Wiese                                                 

  • Institutt for miljø- og naturvitskap, Høgskulen på Vestlandet v/Leif Hauge 

Trude Knagenhjelm hjå Statsforvaltaren har vore sekretær for juryen.


Me gratulerar verdsarvbøndene i Undredal!

Forrige
Forrige

Kulturhistorisk vandring på Bakka 3.september 2023

Neste
Neste

Revisjon av parkplanen