Korleis utforske framtidas reiseliv og legge til rette for ei berekraftig bygdeturisme som tek vare på lokale kvalitetar?

I samband med innovasjonsprogrammet GNIST og samarbeidsprosjektet til Aurland, Luster og Sogndal så har no konkurransegrunnlaget vorte lyst ut på nettsida til DOGA -der spør me:

Korleis utforske framtidas reiseliv og legge til rette for ei berekraftig bygdeturisme som tek vare på lokale kvalitetar?

Utfordringa:

Sogndal, Luster og Aurland kommunar har alle tre fjordbygder med utfordringar knytt til ein låst infrastruktur og høgt besøkstrykk om sommaren, noko som har negativ påverknad på både innbyggarar og besøkande. Kommunane vil utforske nyskapande konsept for framtidas reiseliv, som aukar den lokale verdiskapinga samstundes som dei tek vare på det lokale særpreget og det gode bygdesamfunnet.

Målsetjing:

Bygdeturisme som ei kjelde til berekraftig verdiskaping med positive synergiar for lokalt næringsliv og innbyggarar, basert på stadspesifikke kvalitetar.

Heile konkurransegrunnlaget, hovudmål og delmål med prosjektet kan du lese her

Onsdag 23. mars invitera DOGA potensielle leverandørar til informasjonsmøte der ein kan verte betre kjent med dei 11 GNIST-kommunane og deira utfordringar.

Er du ein designar, arkitekt eller del i eit innovasjonsmiljø og ynskjer å utvikle nyskapande moglegheiter og løysingar på komplekse samfunnsutfordringar, bli med på informasjonsmøtet 23. mars.

Frist for å sende inn tilbod på løysing er allereie 11. april.

Forrige
Forrige

Straumstøtte til frivillige lag og organisasjonar

Neste
Neste

Innsamling av jernskrap, nettinggjerde, piggtråd m.m.