Invitasjon til opne dialogmøte om nye Vestland fylke
Fylkesordførarane inviterer til fem opne dialogmøte om viktige vegval for nye Vestland fylkeskommune.
Dei ynskjer å få fram utfordringar for berekraftig utvikling i fylket som lekk i arbeidet med ein ny utviklingsplan. (Regional planstrategi 2020-2024)
4. februar – Bergen, Amalie Skram vgs, møterom Hans Tank
6. februar – Voss, Voss vgs, Skulstadmoen, auditoriet
7. februar – Gulen, Sløvåg, Vidsyn hotell
26. mars – Førde, Øyrane vgs
29. april – Leirvik, Stord vgs, Saghaugen, konsertsalen
Tid for alle møta: Kl. 17.00 - ca 20.00. Kaffi og ein matbit frå 16.30.
Meir detaljert informasjon om møta finn du her: Invitasjon til opne dialogmøte om nye Vestland fylke
Følg med på oppdateringar på www.vlfk.no. Der finn det også rapport med statistikk og omtale av utviklingstrekk i eit samla Vestland fylke.