Innspel til handlingsplanen for 2023

Oppstart Handlingsplan 2023

Parken sin arbeidsutval handsama og godkjende i møte den 30. september d.å. køyreplan for arbeidet med Handlingsplan 2023.

Nærøyfjorden Verdsarvpark sin årlege handlings- og tiltaksplan er som kjent eit resultat av ein prosess som involverer partnarane, stiftarane (kommunane og fylkeskommunen,) parken sitt arbeidsutval og styre samt tilsette i parkorganisasjonen.

Gjennom dette arbeidet konkretiserer parkorg./ parksamarbeidet prioriterte tiltak og handlingar i samsvar med dei langsiktige og overordna satsingsområda slik dei er omtalt i Parkplanen:

-SKAPE NÆRING OG KULTUR.

- TA VARE PÅ NATURARV OG MILJØ.

- TA VARE PÅ KULTURARV.

I samband med utarbeiding av Handlingsplanen for 2023 vert De no, som tidligare år, invitert til å kome med innspel på satsingar, prosjekt, tiltak, aktivitetar/ arrangement mv. for gjennomføring komande år.

Nytt vedlagt skjema ved innsending til anten: Nærøyfjorden Verdsarvpark, Helabrotet 2A, 5745 Aurland eller post@naroyfjorden.no

Skjema for innspel finn du her: Handlingsplan-innspelskjema
Både retningsliner og skjema finn du også her: Styringsdokument

Frist for innsending er sett til måndag 24. oktober 2022.

Utkast til handlingsplan vert etter dette sendt på ei kort høyring til partnarane/ stiftarane før vidare handsaming i Parken sitt arbeidsutval og endeleg godkjenning/vedtak i Parkstyret i veke 49.

Sjå òg gjerne innom nettsida vår http://www.naroyfjorden.no/styringsdokument/ kor De finn nærare omtale av både Parkplanen og Handlingsplanen.

Ved evt. spørsmål ta gjerne kontakt med ein av oss i Parkorganisasjonen.

Forrige
Forrige

Spennande jobb ledig!

Neste
Neste

Mangesyslaren - Vik kommune