Innspel til Handlingsplanen 2025

Nærøyfjorden Verdsarvpark sin årlege handlings- og tiltaksplan er som kjent eit resultat av ein prosess som involverer partnarane, stiftarane  (kommunane og fylkeskommunen,) parken sitt arbeidsutval og styre samt tilsette i parkorganisasjonen. 

Gjennom dette samrbeidet konkretiserer parkorg./ parksamarbeidet prioriterte tiltak og handlingar i samsvar med dei langsiktige og overordna satsingsområda slik dei er omtalt i gjeldande Parkplan:

 -SKAPE NÆRING OG KULTUR

- TA VARE PÅ NATURARV OG MILJØ

- TA VARE PÅ KULTURARV

Godkjent hadlingsplan vert igjen grunnlag for Parkorg. sine søknader om tilskot og delfiansiering frå eit rekkje off. tilskotsordningar. 

I samband med utarbeiding av Handlingsplanen for 2025 vert De no, som tidligare år, invitert til å kome med innspel på satsingar, prosjekt, tiltak, aktivitetar/ arrangement mv. i samsvar med  Parkplanen sine overordna målsetjingar.  

Innspela sender De til pr. post til Nærøyfjorden Verdsarvpark, Helabrotet 2A, 5745 Aurland eller post@naroyfjorden.no

Skjema for innspel finn De det her: http://www.naroyfjorden.no/styringsdokument/

Frist for innsending er sett til fredag 8. november 2024.   

Utkast til handlingsplan vert etter dette sendt på ei kort høyring til partnarane/ stiftarane  før vidare  handsaming i  Parken sitt arbeidsutval og endeleg godkjenning/vedtak i Parkstyret truleg i slutten av desember 2024.    

Sjå òg gjerne innom nettsida vår  http://www.naroyfjorden.no/styringsdokument/ kor De  finn nærare omtale av både Parkplanen og Handlingsplanen.

Ved evt. spørsmål  ta gjerne kontakt med ein av oss i Parkorganisasjonen.

Forrige
Forrige

Innmelding av naturskade

Neste
Neste

Erling Oppheim sluttar som dagleg leiar og verdsarvkoordinator