Innspel til handlingsplan 2024
Oppstart Handlingsplan 2024.
Parken sin arbeidsutval handsama og godkjende i møte den 27. oktober d.å. køyreplan for arbeidet med Handlingsplan 2024.
Nærøyfjorden Verdsarvpark sin årlege handlings- og tiltaksplan er som kjent eit resultat av ein prosess som involverer partnarane, stiftarane (kommunane og fylkeskommunen,) parken sitt arbeidsutval og styre samt tilsette i parkorganisasjonen.
Gjennom dette arbeidet konkretiserer parkorg./ parksamarbeidet prioriterte tiltak og handlingar i samsvar med dei langsiktige og overordna satsingsområda slik dei er omtalt i gjeldande Parkplan:
-SKAPE NÆRING OG KULTUR.
- TA VARE PÅ NATURARV OG MILJØ.
- TA VARE PÅ KULTURARV.
I samband med utarbeiding av Handlingsplanen for 2024 vert De no, som tidligare år, invitert til å kome med innspel på satsingar, prosjekt, tiltak, aktivitetar/ arrangement mv. for gjennomføring komande år.
Nytt vedlagt skjema ved innsending til anten: Nærøyfjorden Verdsarvpark, Helabrotet 2A, 5745 Aurland eller post@naroyfjorden.no
Skjema-innspel-handlingsplan
Skjema for innspel finn De det og her: http://www.naroyfjorden.no/styringsdokument/
Absolutt siste frist for innsending er sett til torsdag 23. november måndag 2023.
Utkast til handlingsplan vert etter dette sendt på ei kort høyring til partnarane/ stiftarane før vidare handsaming i Parken sitt arbeidsutval og endeleg godkjenning/vedtak i Parkstyret truleg i byrjinga av januaur 2024.
Sjå òg gjerne innom nettsida vår http://www.naroyfjorden.no/styringsdokument/ kor De finn nærare omtale av både Parkplanen og Handlingsplanen.
Ved evt. spørsmål ta gjerne kontakt med ein av oss i Parkorganisasjonen."