Innspel til handlingsplan

Foto: Gry Mørk

I samband med utarbeiding av Handlingsplanen for 2022 vert De no, som tidligare år, invitert til å kome med innspel på satsingar, prosjekt, tiltak, aktivitetar/ arrangement mv. for gjennomføring komande år.

Nærøyfjorden Verdsarvpark sin årlege handlings- og tiltaksplan er som kjent eit resultat av ein prosess som involverer partnarane, stiftarane (kommunane og fylkeskommunen,) parken sitt arbeidsutval og styre samt tilsette i parkorganisasjonen.

Gjennom dette arbeidet konkretiserer parkorg./ parksamarbeidet prioriterte tiltak og handlingar i samsvar med dei langsiktige og overordna satsingsområda slik dei er omtalt i Parkplanen:

-SKAPE NÆRING OG KULTUR.

- TA VARE PÅ NATURARV OG MILJØ.

- TA VARE PÅ KULTURARV.

Nytt vedlagt skjema ved innsending til anten: Nærøyfjorden Verdsarvpark, Helabrotet 2A, 5745 Aurland eller post@naroyfjorden.no

Skjema for innspel og retningsliner finn du og Her: http://www.naroyfjorden.no/styringsdokument/

Frist for innsending er sett til fredag 29. oktober 2021.

Utkast til handlingsplan vert etter dette sendt på ei kort høyring til partnarane/ stiftarane før vidare handsaming i Parken sitt arbeidsutval og endeleg godkjenning/vedtak i Parkstyret.

Sjå òg gjerne innom nettsida vår http://www.naroyfjorden.no/styringsdokument/ kor De finn nærare omtale av både Parkplanen og Handlingsplanen.

Ved evt. spørsmål ta gjerne kontakt med ein av oss i Parkorganisasjonen.



Forrige
Forrige

Til informasjon

Neste
Neste

Frivillighetens år 2022